Sjukepleiar - 100 % - Radøy Velferdssenter
Alver kommune
- Frist 28.7.2024
- Ansettelsesform Fast
Er du sjukepleiar med engasjement for eldreomsorg?
Om stillinga
Vi har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar med todelt turnus. Stillinga har arbeid kvar 3. helg, eller langvakter kvar 4. eller 6. helg.
Vi gjer merksam på at intervju vil bli gjennomført i august grunna ferieavvikling.
Om Velferdssenteret
Velferdssenteret er eitt av fire sjukeheim i Alver Kommune, og ligg 2 mil frå Knarvik. Sjukeheimen har plass til inntil 38 pasientar. Sjukeheimen er inndelt i fire grupper, der to av dei er tilpassa for personer med demens. Vi har to grupper som er meir tilpassa pasientar med somatiske utfordringar. I tillegg har vi fire korttidssenger, og tre senger der vi tar imot pasienter med behov for palliativ tilnærming,- Florence.
Hos oss jobbar det lege, spesialsjukepleiare, sjukepleiare, spesialhjelpepleiare, hjelpepleiare, helsefagarbeidare, omsorgsarbeidare og pleiemedhjelpare. Som sjukepleiar hos oss blir du ein del av eit godt fagmiljø kor vi skal ha fokus på «kva er viktig for deg» for pasientane. Du vil få kollegaer med glimt i auge, og ein arbeidskvardag der latteren ofte sit laust.
Er du vår nye kollega?
Arbeidsoppgåver
- Gi faglig forankra pleie og omsorg til våre pasienter og pårørande
- Delta i daglege oppgåver i avdelinga og være ein god rollemodell for kollegaer og studentar
- Ha det sjukepleiarfaglege ansvaret for sjukeheimen på kveld og helg
- Ha legevisitt og påfølgande oppfølgingsarbeid
- Dokumentasjon jfr Helsepersonelloven
- Medikamenthandtering og lindrande behandling
- Bidra til godt samarbeid og tverrfagleg samarbeid
Kompetansekrav
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
- Gyldig arbeids- og opphaldstillatelse
Gyldig politiattest
I tillegg ønskjer vi gjerne at du har: Vidareutdanning innan geriatri, akutt klinisk sjukepleie, eller anna relavant vidareutdanning
Kven er du?
På Velferdssenteret ønskjer vi oss ein sjukepleiar som er beslutningsdyktig og handlekraftig. Du deler gjerne din kompetanse med kollegaer, og er ikkje redd for å tenkje nytt. Det er viktig at du kan jobbe strukturert, og at du kan prioritere og delegere oppgåver der det er naudsynt. Du er løysingsorientert, sjølvsikker og open. Som sjukepleier bidrar du aktivt til at pasientane får ein trygg og god kvardag, til tross for utfordringane dei har. Du bidreg til faglig fokus, har godt humør og liker utfordringar. Personlege eigenskapar vil bli vektlagd.
Vi tilbyr
- Faglege utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
- Mulighet for å jobbe bredt faglig med både langtidspasienter og korttidspasienter
- Som sjukepleiar i Alver kommune får du 10 000,- over minstelønsgarantien til KS
- Årsturnus
- Rekrutteringstillegg på 50.000 kr
- Gratis parkering
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Idrettsvegen 2, 5936 Manger
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Sykepleier, Sykepleier / Eldreomsorg
Nøkkelord
eldre, somatikk, omsorg, prosedyre, team
(1/5)
- FINN-kode 358803392
- Sist endret