Helsesjukepleiar
Time kommune
- Frist 04.08.2024
- Ansettelsesform Fast
Helsesjukepleiar
Har du lyst til å jobbe som helsesjukepleiar i Time kommune? Me søkjar helsesjukepleiar til to 80 % faste stillingar til avdeling helsestasjon- og skulehelsetenesta. Avdelinga er organisert i tenesteområde Oppvekst. I kommunen er det tre helsestasjonar og 11 skular i varierende størrelse.
Stillingane er i skulehelsetenesta. På skulane jobbar ein i team med annen helsesjukepleiar. Kvar skule har "Laget rundt læraren og eleven" der ein jobbar tverrfagleg på både individ- og systemnivå.
Ein spennande jobb i ein sterk fagleg organisasjon som vektlegg å dela kunnskap og ferdigheiter med kverandre.
Trivelege og inkluderande kollegaer.
Arbeidsoppgåver
Skulehelsetenesta er ein lovpålagt teneste i grunn - og vidaregåande skule og er underlagt forskrift og Nasjonal fagleg retningslinje for det helsefremmende og forebyggjande arbeide i helsestasjon-, skulehelsetensta og helsestasjon for ungdom.
Følgje fast program for barne - og ungdomsskulen
Vera tilgjengeleg for elevane i åpen dør konsultasjonar
Delta i tverrfagleg samarbeid om oppgåver i skulehelsetenesta.
Bistå med råd og rettleiing ved behov, til foreldre og skolens personell
Kvalifikasjonar
Vidareutdanning som helsesjukepleiar
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
- Evne til å kunne arbeida sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
- Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
- Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
- Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
- Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
Vi tilbyr
- Opplæring - fadderordning
- Del av eit fellesskap i skulehelsetenesta
- Faste personal og fagteam møter
- Veiledning internt
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter tariff/avtale
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 19 900 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er rundt 1 500 personar som har Time kommune som sin arbeidsgjevar
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Hulda Garborgs veg 8, 4344 Bryne
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Helsesykepleier
- FINN-kode 358809739
- Sist endret