Sjukepleiar - 100% fast - Knarvik Sjukeheim
Alver kommune
- Frist 28.7.2024
- Ansettelsesform Fast
Er du sjukepleiar med engasjement for eldreomsorg?
Om stillinga
Vi har ledig 100 % fast stilling med todelt turnus, og moglegheit for arbeid med langvakter kvar 6. helg. Dersom du ønskjer å arbeide kvar 3. helg istadenfor er det også mogleg å få til.
Grunna ferieavvikling vil det bli intervju i august.
Om avdelinga
Bli ein del av vårt dyktige team på avdeling 1 - ei langtidsavdeling med plass til 30 pasientar!
Vi søkjer engasjerte og kompetente medarbeidare som ønskjer å skape meiningsfull kvardag for pasientar med
komplekse behov. Her vil du få moglegheit til å utvikle deg faglig, samtidig som du bidreg til eit godt intern
samarbeid til det beste for både pasientar og kollegaer.
Avdeling 1 er organisert i tre grupper, kor alle faggrupper samarbeider tett for å sikre best mulig omsorg. Vi
har en dedikert og engasjert arbeidsstokk på alle gruppene, og vi legg stor vekt på å oppretthalde eit høgt nivå
på fagleg kompetanse. Dette er essensielt for å sikre at pasientar og pårørande kjenner seg godt ivaretatt hos
oss.
Primærsjukepleie er ein sentral arbeidsform som vi nyttar for å sikre kontinuitet og kvalitet i pleien.
Når du arbeider som sjukepleiar på Knarvik sjukeheim vil du delta i team - sjukepleiar funksjonen vi har på kveld og helg. Det vil seie at av og til vil du ha det sjukepleiefaglege ansvaret på heile sjukeheimen saman med ein annan kollega.
Ved avdelinga vil du få høve til å bruke din kunnskap om sjukdomar, arbeide med ei rekke tekniske
prosedyrar/instrument og ikkje minst arbeid med høgt fagleg sjukepleienivå.
Arbeidsoppgåver
- Omsorgsfull og forsvarleg sjukepleie etter gjeldande lovverk og intern rutine
- Tverrfagleg samarbeid
- Veiledning av studentar, lærlingar og kolleger
- Samarbeid med pårørande og på tvers av tenestane i kommunen
- Laboratoriearbeid og blodprøvetaking
- Utføre medisinske prosedyrer som å gi intravenøs behandling, smertepumpe mv.
- Være ein pådrivar i avdelinga for å sikre gode tenester til pasientane, og at dei får brukt sine eigne ressursar
- Inngå i sjukepleiarteamet på Knarvik sjukeheim
Kompetansekrav
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Dersom du er utdanna utanfor Norden treng du språkkompetanse tilsvarende B2 - nivå
Kven er du?
Som sjukepleiar hos oss er det viktig at du er ein god lagspelar med gode samarbeids - og kommunikasjonsevner. Du får lett oversikt over situasjonen og har eit godt heilskapleg perspektiv. Vi ønskjer og at du skal være kreativ og du kan sjå gode løysingar og moglegheiter i arbeidet ditt.
Vi tilbyr
- Spennande og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver
Alver kommune - Løn og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Rekrutteringstillegg på kr 50.000,- mot to års bindingstid ved tiltrede
- Sjukepleiare i Alver kommune ligg for tida kr 10.000,- over garantiløn etter Hovudtariffavtalen
- Årsturnus med moglegheit for å påvirke eigen ferie og fritid
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kvernhushaugane 7, 5914 Isdalstø
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Sykepleier, Sykepleier / Eldreomsorg
Nøkkelord
eldre, somatikk, team, prosedyre, langtid
(1/5)
- FINN-kode 358814193
- Sist endret