![Helse Bergen logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/413162945/iad_178711011333537950611-12-2012_09-31-30.png)
Spesialsjukepleiar til 100% stilling ved KRS, med moglegheiter for langvakter kvar 4. helg
Helse Bergen
Helse Bergen
Vi søkjer ein inspirerande og involerande leiar som kommuniserer godt, er tydeleg, samlande og kjenner fagfeltet. Gjennom leiarskap gjer du andre god.
Kvinneklinikken skal gi eit fagleg høgverdig tilbod innan fødselshjelp og kvinnesjukdommar i vårt opptaksområde.
Som direktør for Kvinneklinikken legg du til rette for at dei tilsette i klinikken kan arbeide med forsking og systematisk fagleg utvikling for å kunne tilby pasientane våre behandling og oppfølging av god kvalitet. For å lese meir om Kvinneklinikken sjå her
Fødselshjelp og kvinnehelse er tema som vekker stort engasjement i befolkninga og Kvinneklinikken opplever stor interesse frå omverda. Som klinikkdirektør er det forventa at du kommuniserer godt internt og eksternt, og har ei tydeleg stemme i den offentlege samtalen.
Dei tilsette er vår viktigaste ressurs
Du vil leie og utvikle ein klinikk med mange kompetente og flotte medarbeidarar. Du må evne å tenke strategisk og samtidig leie for å nå operative mål. Saman med dei tilsette skal du utvikle Kvinneklinikken for framtida gjennom forbetringsarbeid som involverer pasientar og pårørande. Det er om lag 440 tilsette fordelt på om lag 300 årsverk og eit kostnadsbudsjett på 440 millionar kroner.
Vi søker ein direktør som:
Hausten 2023 flytta Kvinneklinikken inn i Glasblokkene saman med mellom anna Barne- og ungdomsklinikken
Eit nytt bygg gjer det mogeleg å tenke nytt, slik at vi vidareutviklar vår felles helseteneste. Det blir forventa at du som leiar er ein pådrivar i å vidareutvikle tilbodet i tråd med dette og dei helsepolitiske føringane.
Som klinikkdirektør rapporterer du til administrerande direktør Eivind Hansen, og du blir del av føretaksleiinga ved Haukeland universitetssjukehus.
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Gynekologi, Obstetrikk, Kvinnehelse, Ledelse, Direktør, kvinneklinikken
Helse Bergen
Haraldsplass diakonale sykehus
Helse Bergen
Haraldsplass Diakonale Sykehus