Skulesjef, Time kommune
Time kommune
- Frist 07.08.2024
- Ansettelsesform Fast
Skulesjef, Time kommune
Er du ein tydeleg og nysgjerrig leiar som likar å skapa gode resultat og utvikling?
Då er kanskje du den nye skulesjefen vår som skal vera med å leia dei gode skulane og det felles oppdraget i Oppvekst framover. Som skulesjef får du det privilegium å ha ansvaret for ei framoverlent og kunnskapsrik skuleleiargruppe som stiller forventningar og leverer, og som er opptekne av å dela i fellesskapet. Verdien vår i Oppvekst er Me skal gjera kvarandre gode, og me gjer det i lag. Dette ligg til grunn for kulturen i skuleleiargruppa, og det store laget vårt i Oppvekst.
Området består av ti grunnskular, 6 barneskular og 4 ungdomsskular, med om lag 2800 elevar. Skulane utgjer eit mangfald knytt til storleik og geografisk plassering i kommunen. I tillegg vil du ha ansvaret for Bryne kompetansesenter som gjev tilbod om fag og språkopplæring for vaksne. Verksemda er eit tverrkommunalt samarbeid med Hå og Klepp kommune. Organisasjonskartet kan bli endra ved behov.
Skulesjef, barnehagesjef og barn- og familiesjef utgjer leiargruppa til kommunalsjef Oppvekst, og har ansvaret for dei tre sektorane. Eit viktig fokus som det blir jobba saman om i kommunalsjefen si leiargruppe er å nå målsettingar som er nedfelt i Strategiplan Oppvekst 2023-2029.
Timeskulen er saman med Klepp, Hå og Gjesdal del av det forpliktande samarbeidet om skuleutvikling i Jærskulen. Som skulesjef er du del av styringsgruppa saman med dei andre skulesjefane og dei hovudtillitsvalde. Desentralisert kompetanseordning (DEKOM) er ein viktig del av Jærskulesamarbeidet.
Om Time kommune:
Time kommune har 19 900 innbyggjarar og ligg midt på Jæren. Bryne er byen på Jæren, og kommunesenter i Time kommune. Regiondelssenteret Bryne er drivkraft for næring, læring og kultur, og det er lett å koma hit. Med toget tek det 30 minutt frå Stavanger, 15 minutt frå Sandnes stasjon og 35 minutt frå Eigersund.
Arbeidsoppgåver
- Vidareutvikla og følgja opp system for lovverket knytt til grunnskule og vaksenopplæring
- Arbeida med kvalitativ strategisk utvikling, og leggja til rette for at rektorane kan følgja dette opp gjennom si leiing
- Personalansvar for verksemdsleiarar og andre funksjonar direkte underlagt skulesjef
- Utforma politiske saker og setja i verk politiske vedtak
- Utarbeida og følgja opp faglege og økonomiske resultatmål i verksemdene
- Arbeida med organisasjonskultur, medarbeidarutvikling og internkommunikasjon
- Innovasjon- og tenesteutvikling, samt organisasjonsmessig kompetanseutvikling
Kvalifikasjonar
Skulesjef skal vera ein fagperson med pedagogisk utdanning som har jobba mykje med og i skule. Det er ønskeleg med leiarerfaring frå skule. Me ser etter ein leiar som er utviklingsorientert, har god relasjonskompetanse, gode samarbeidsevner og som har innsikt og forståing for administrative oppgåver som mellom anna økonomi, personaloppfølging og lovverk. Du har legitimitet og kan leia eit motivert kollegium vidare. Det er ønskeleg med vidareutdanning i leiing, eller at du tek leiarutdanning innan to år dersom du ikkje har dette som del av utdanninga. Det vert krevd gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsettingsprosessen
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
- Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
- Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
- Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
- Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
Vi tilbyr
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter avtale
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
- Det er mogleg å tiltre snarleg
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 19 900 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er rundt 1 500 personar som har Time kommune som sin arbeidsgjevar
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Arne Garborgs veg 30, 4340 Bryne
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
timeskulen, skolesjef, skulesjef, skoleutvikling
- FINN-kode 359038513
- Sist endret