Spesialkonsulent
Helse Bergen
- Frist 28.07.2024
- Ansettelsesform Fast
Spesialkonsulent
Lønns- og rekneskapsseksjonen består av 50 tilsette og er ein del av Økonomi- og finansavdelinga i Helse Bergen. Lønns- og rekneskapsseksjonen har tett samarbeid med dei andre helseføretaka i regionen. Vi nyttar i dag rekneskapssystemet SAP.
Vi har ledig stilling som spesialkonsulent. Vi søker medarbeidarar som ønsker å jobbe med eit variert spekter av rekneskapsoppgåver.
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåver for stillinga vil mellom anna vere:
- Rekneskapsførsel med tilhøyrande oppgåver
Kvalifikasjonar
- Høgare økonomisk utdanning, minimum 3 år eller brei erfaring med rekneskap. Relevant praksis kan kompensere for formalkompetanse
- Erfaring med SAP
- Bruk av Excel
- God IT-kompetanse
- Søkar må meistre norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig, nøyaktig og ansvarsbevisst
- God økonomi/rekneskapsforståing
- Evne til å kommunisere godt med kollega, leverandør og kundar
- Stor grad av fleksibilitet og godt humør
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale
- Fleksitid
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Godt og høgt fagleg nivå på dine kollegaer
- Gode utviklingsmoglegheiter for den som ønsker
- Sentrale og fine arbeidsforhold
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Møllendalsbakken 9, 5009 Bergen
- Bransje: Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Økonomi og regnskap / Regnskap, Økonomi og regnskap / Lønn
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Regnskap, Rekneskap, Bokføring, spesialkonsulent, økonomi
- FINN-kode 359055029
- Sist endret