Fast stilling som lærar ved Austevoll ungdomsskule
Austevoll kommune
- Frist 4.8.2024
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye kollega?
Fast stilling som lærar ved Austevoll ungdomsskule
Om arbeidsstaden
Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med omlag 145 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek og Austevollbadet. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelsa og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.
Austevoll ungdomsskule er ein MOT -skule og deltar i tilleggsprogrammet "Skulen som samfunnsbyggar". Skulen legg vekt på eit godt samarbeid og evner til å skape gode relasjonar til elevar og tilsette. Vi utviklar robuste ungdommar som inkluderer alle. Hos oss skal alle elevane oppleve meistring og oppleve å bli sett kvar dag. Skulen har ca. 240 elevar fordelt på 8.-10. trinn.
Om stillinga
Austevoll ungdomsskule har ein fast stilling ledig i 100% som lærar. Denne stillinga vil ha hovudtyngda innan norskfaget. Det kan også vere aktuelt at vår nye kollega kan undervise i engelsk, samfunnsfag, arbeidslivsfag og mat og helse.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
- Undervisning
- Kontaktlærar
- Faglæraroppgåver
- Arbeide i team med pedagogar og fagarbeidarar
- Følge opp elevar med særskilte behov
- Delta og engasjere seg i heile skulens arbeid og utvikling
- Bidra til å skape eit godt skulemiljø
Kvalifikasjonskrav
Formelle kvalifikasjonskrav
- Grunnskulelærar GLU 5-10 eller anna godkjent utdanning for undervisning i ungdomsskulen
- Ha utdanning innanfor basisfagene norsk og engelsk.
- Ønskjeleg med kompetanse i/undervisningserfaring i samfunnsfag, KRLE, kunst- og handverk, mat og helse og spesialundervisning
- Internasjonale gradar må vere godkjent Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
Personlege eigenskapar
- Vere strukturert, sjølvstendig, fleksibel, løysingsorientert og ha evne til å motivere
- Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, pedagogisk engasjement og evne til nytenking
- Vere ein tydeleg og dyktig klasseleiar og kan bruke IKT som naturleg arbeidsverktøy
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi krev gyldig politiattest ved tilsetjing. Politiattesten skal ikkje leggjast ved søknaden, men visast fram før tilsetjing.
Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å tilsette i midlertidig stilling i eit år.
Vi tilbyr
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spennande utfordringar i ein utviklingsorientert skule
- Løn etter avtaleverket, kommunen har eit rekrutteringstillegg for lærarar på 12 300 kr. pr år, kontaktlærartillegget er kr 24 000 kr pr år.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Godt arbeidsmiljø med flinke og samarbeidsvillige kollegaer
Slik søkjer vi
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Det er og mogeleg å sende mail med søknad til anne.marie.njastad@austevoll.kommune.no
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
Om arbeidsgiveren
Kommunen har eit folketal på 5.300 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 400 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune!
Austevoll ungdomsskule held til i nye flotte lokalar på Eidsbøen, like ved kommunesenteret Storebø. Vi legg vekt på eit godt samarbeid og evner til å skape gode relasjonar til elevar og tilsette. Vi er ein MOT-skule og utviklar robuste ungdommar som inkluderer alle. Vi får tilbakemeldingar på at vi har eit godt elev- og arbeidsmiljø og er ein skule som er utviklingsorientert. Skulen har i dag ca 45 tilsette og 250 elevar fordelt på 8.-10.trinn.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor
- FINN-kode 359069043
- Sist endret