Pleieassistent 15% - på tvers i medisinsk klinikk
Helse Bergen
- Frist 04.08.2024
- Ansettelsesform Fast
Pleieassistent til helgestilling
Medisinsk klinikk ønsker å tilsette sjukepleiarstudentar, helsefagarbeidar og medisinstudentar på alle våre sengepostar. Vi ønsker å vere med å bygge din kunnskap og kompetanse ved at du blir tilsett fast på ein sengepost, men vil og kunne arbeide på andre postar ved behov. Vi ønsker på denne måten å styrkje helgebemanninga på postane. Vi lyser ut 8 faste helgestillingar på 15% med arbeid kvar 3. helg for deg med pleieerfaring.
Vi kan tilby opplæring og kompetanse innan det indremedisinske feltet,, og ved å jobbe på ein av våre sengepostar vil du kunne utvikle deg og få kunnskap som kan hjelpe deg vidare i jobb i klinikken.
Dei ulike postane vi kan tilby jobb på er: Medisin 1 nord - seksjon for hormon og nyresjukdommar, Medisin 1 vest - seksjon for fordøyingssjukdommar, Medisin 5 vest, seksjon for infeksjonssjukdommar.
Arbeidsoppgåver
- Gi god omsorg for pasient og pårørande
- Stell og pleie, samt gi god omsorg for pasient og pårørande
- Stell og pleie , samt overvaking av pasientar
- Matservering
- Skylleromsarbeid
- Fastvakt
Kvalifikasjonar
- Meistre norsk skriftleg og munnleg
- Må ha relevant praksis frå helsesektoren, og gjerne sjukehuserfaring
- Kunnskap om Medisinsk teknisk utstyr og IKT system (Dips og Meona)
Personlege eigenskapar
- Du tilpassar deg lett og er løysingsorientert og fleksibel
- Gode kommunikasjonseevner
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
Vi tilbyrn deg
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Fagleg og personleg utvikling
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 4
- Sted: Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Sykepleierstudent, Pleieassistent, Medisinerstudent, Helsefagarbeider
- FINN-kode 359076070
- Sist endret