Fagansvarleg operasjonssjukepleiar, nevrokirurgi
Helse Bergen
- Frist 14.07.2024
- Ansettelsesform Fast
Fagansvarleg operasjonssjukepleiar, nevrokirurgi
Hovud/hals-seksjonen er ein av fire seksjonar i sentraloperasjonseininga ved Haukeland universitetssjukehus. Seksjonen er ein aktiv og fagleg utfordrande arbeidsplass, med fagfelta Nevrokirurgi og ØNH/kjeve kirurgi. Det er knytt 43 årsverk for spesialsjukepleiarar til seksjonen, herunder 24,5 operasjonssjukepleiarårsverk. Desse bemannar saman med anestesisjukepleiarar og anestesilegar 5 operasjonsstover på dagtid, og har ØH stove på kveld, natt og helg.
Vår fagansvarlege operasjonssjukepleiar ved NK sluttar dessverre i sin stilling og går over i annan stilling frå 1. august. Vi lyser derfor ut 100% fast stilling som fagansvarleg operasjonssjukepleiar frå same tidspunkt.
Er du engasjert i operasjonssjukepleiarfaget og ønsker å vere med å påverke rutinar og fagleg innhald i undervisning og opplæring /rettleiing av kollega, er du velkommen til å søke på stillinga. Du vil bli ein viktig bidragsytar inn i leiarteamet ved seksjonen vår, og ha eit viktig fellesskap med andre fagansvarlege operasjonssjukepleiarar i Kirurgisk serviceklinikk. Dei fagansvarlege operasjons- og anestesisjukepleiarane i seksjonen vår har eit godt samarbeid og har nytte av felles diskusjonar og refleksjonar rundt pasientgruppene våre.
Arbeidstid er dagtid (37,5 timersuke) med moglegheit for noko vaktarbeid. Stillinga inngår i seksjonens utvida leiargruppe og har seksjonsleiar som sin næraste overordna.
Du er velkommen til å ta kontakt hvis du har spørsmål knytt opp mot stillinga.
Arbeidsoppgåver
- Delta i daglege driftsoppgåver
- Fagleg vurdering/utprøving og vedlikehald av utstyr
- Ajourføre og vidareutvikle prosedyrar og metodar
- Undervisning og opplæring i seksjonen og evt. i klinikken
- Rettleie og undervise spesialstudentar og nytilsette
- Tilrettelegging av tverrfagleg øving
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Spesialutdanning innan fagfeltet operasjon
- Bør ha minimum 3 års relevant praksis
- Interesse for fag og fagutvikling
- Erfaring som operasjonssjukepleiar innen Nevrokirurgi er ønskjeleg
- God IKT kompetanse er nødvendig
- Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du kommuniserar og samarbeidar godt med andre
- Du arbeidar strukturert og er målretta
- Du er interessert i faglege prosjekt
- Du trivst med å rettleie andre og å få andre til å bli god
- Du er serviceinnstilt og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår
- Eige program for nytilsette
- Store faglege utfordringar
- Dyktige medarbeidarar
- Aktivt fagmiljø
- Lønn etter tariff
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier / Operasjon
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Fagsykepleier, Operasjonssykepleier, Nevrokirurgi, Sykhus, Haukeland
- FINN-kode 359441584
- Sist endret