Rådgiver innen informasjonssikkerheit og risikostyring
Helse Vest IKT
- Frist 11.8.2024
- Ansettelsesform Fast
Rådgiver innen informasjonssikkerheit og risikostyring
Sjukehussektoren er i ei rivande utvikling. Sikker og moderne IKT er ein viktig bidragsytar for at sjukehusa skal kunne drive effektivt og godt, også i framtida. Helse Vest IKT har ansvar for produksjon av IKT-tenester til alle sjukehusa i Helse Vest, med høge krav til stabilitet, kvalitet og sikkerheit. Med om lag 1 300 system og i overkant av 30 000 sluttbrukarar, er vi blant dei største IKT-miljøa på Vestlandet.
Seksjon for IKT-sikkerheit har i dag 15 engasjerte medarbeidarar i tillegg til leiar. Av desse arbeider fire med risikostyring som hovudoppgåve. Arbeidsoppgåvene til seksjonen inkluderer mellom anna tilrettelegging og gjennomføring av risikovurderingar, ansvar for ITIL-prosessen informasjonssikkerheit, ansvar for styringssystemet for informasjonssikkerheit og personvern i Helse Vest IKT, informasjonsarbeid knytt til sikkerheitskultur, rådgiving innan sikkerheitsarkitektur og IAM, bistand i samband med prosjektgjennomføring, innkjøp og kravspesifikasjonar, leverandørstyring og utvikling, gjennomføring av sikkerheitstestar og bistand i samband med logganalyse/deteksjon og beredskapssituasjonar.
Helse Vest IKT har kontor i Stavanger, Haugesund, Bergen og Førde. Arbeidsstad vil vere ein av desse stadene.
Arbeidsoppgåver
- Gjennomføre risiko- og sårbarheitsvurderingar knytt til informasjonssikkerheit og personvern, saman med risikoteamet.
- Føreslå tiltak lukking av avdekka risiko.
- Vidareutvikle metodikk og verktøy for risikostyring, og sikre tilstrekkeleg kvalitet saman med risikoteamet.
- Bidra til opplæring i informasjonssikkerheit og personvern, også med utarbeiding av materiale til bruk i regionen.
- Støtte inn mot andre aktivitetar i tråd med interesse og kapasitet.
Kvalifikasjonar
- Du har relevant, høgare utdanning, gjerne innan risikostyring, samfunnssikkerheit, informasjonssikkerheit, forvaltningsinformatikk, eller relevant arbeidserfaring som kan kompensere for dette.
- Du har god forståing for IKT-infrastruktur og tekniske løysingar.
- Det er ein fordel at du har kjennskap til risikovurdering som fagfelt.
- Det er ein fordel at du har kjennskap til informasjonssikkerheit og personvern.
- Det er ein fordel at du har kjennskap til relevante standardar som ISO 27001/27005.
- Du må kunne sikkerheitsklarerast, og politiattest blir henta inn.
Personlege eigenskaper
- Du er strukturert og evner å følge opp oppgåver på eiga hand og saman med andre.
- Du bør kunne fasilitere møter.
- Du er løysingsorientert, og ser moglegheiter heller enn avgrensingar.
- Du har god munnleg og skriftleg formuleringsevne.
- Arbeidsspråket i Helse Vest IKT er norsk, og du må meistre dette.
Vi tilbyr
Høyrast det givande ut å jobba ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du høve til å jobba i eit unikt miljø i ein banebrytande bransje.
- Eit godt og stort fagmiljø innan IKT-sikkerheit, risikostyring og personvern i eit innovativt og driftig arbeidsmiljø i Helse Vest IKT.
- Spennande oppgåver som gir stor og synleg gevinst i samfunnet.
- God opplæring, både i informasjonssikkerheit og i vår ROS-metodikk.
- Moglegheit for heimekontor.
- Fleksibel arbeidstid.
- Lønn etter avtale.
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsordningar.
Om arbeidsgiveren
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: Professor Olav Hanssens vei 7A, 4021 Stavanger
- Flere arbeidssteder: Bjørnsonsgate 29, 5052 Bergen, Naustdalsvegen 5, 6800 Førde, Øvregata 126, 5527 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg, IT
- Stillingsfunksjon: IT utvikling / IT-sikkerhet, Sikkerhet
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sikkerhet, informasjonssikkerhet, risikostyring
- FINN-kode 359444996
- Sist endret