![Evotec logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/09/6/360/532/346_88d9be49-bfad-4886-8afc-8bb5bf648f3f.png)
![Søre Sunnmøre IKT logo](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2024/7/vertical-0/02/4/359/605/854_999e3fd9-df40-4528-85bb-6e059a4fc93e.png)
Prosjektleiar
Søre Sunnmøre IKT
- Frist 11.8.2024
- Ansettelsesform Fast
Prosjektleiar - Søre Sunnmøre IKT
Vil du vere med på digitalisering av offentlege tenester? Brenn du for å forme framtida og leie vellukka IT-prosjekt?
Søre Sunnmøre IKT er eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Volda og Ørsta, og vi søkjer ein engasjert og dyktig prosjektleiar til å bli ein del av vårt team.
Om rolla: Som prosjektleiar vil du sitje i førarsetet og ha ansvar for prosjekt som er viktig for oss, kommunane, lokalsamfunnet og innbyggarane i vårt distrikt. Du vil vere ein pådrivar for digitalisering og effektivisering av prosessar.
Du vil fungere som eit viktig bindeledd mellom SSIKT, kommunane og systemleverandør/tredjepartsleverandørar. Du er ein nøkkelpersonen som sikrar at våre system fungerer optimalt og at brukarane får den støtta dei treng for å utnytte teknologien fullt ut.
Dine ansvarsområde og oppgåver
- Leie og gjennomføre prosjekt i samarbeid med kommunane og eksterne partnarar
- Definere prosjektomfang, budsjett, ressursar, gevinstar og tidsfristar
- Koordinere oppgåver, vurdere risiko og følgje opp prosjektstatus
- Ansvarleg for kontraktsoppfølging og samarbeid med leverandørar for forbetring, utvikling og feilretting i systema
- Initiere forbetringar og nye prosessar i tråd med teknologiske endringar og lovpålagde krav
- Utvikle og vedlikehalde dokumentasjon og opplæringsmateriell
- Forenkle prosessar og leggje til rette for gode digitale løysingar saman med kommunane og leverandør
- Særskilt ansvar for IT-systema som vert nytta av oppvekstsektoren
Kven er du
- Du har relevant høgare utdanning og erfaring frå prosjektleiing
- Du har kjennskap til samspelet mellom organisasjon, teknologi og forretningsprosessar
- Du er ein naturleg leiar som er resultatorientert og bidreg til å skape endringskultur
- Du har gode kommunikasjonsevner og evne til å setje deg inn i nye problemstillingar
- Du er ein problemløysar som kan tenkje nytt og sjå samanhengar i komplekse situasjonar
- Du har ei sterk forståing for IT-system
- Du har kjennskap til kommunal organisering og beslutningsstruktur
Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Ei moglegheit til å gjere ein skilnad i digitaliseringa av offentlege tenester
- Utfordrande arbeidsoppgåver med rom for personleg og fagleg utvikling
- Konkurransedyktige vilkår og ein fleksibel arbeidskvardag
Er du den rette for jobben? Vi ser fram til å høyre frå deg!
Om du har lidenskap for prosjektleiing og ønskjer å bidra til digitalisering av offentlege tenester, oppmodar vi deg til å søkje!
- Sektor: Offentlig
- Sted: Nedre Dragsund 2, 6080 Gurskøy
- Bransje: IT, IT - programvare, Konsulent og rådgivning
- Stillingsfunksjon: IT utvikling / Systemarkitekt, Konsulent, Prosjektledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
prosjektleder, leveranseansvarlig, Prosjektledelse, prosjekt-/prosessledelse, kontraktstyring
- FINN-kode 359605854
- Sist endret
Lignende annonser
![Evotec logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/09/6/360/532/346_88d9be49-bfad-4886-8afc-8bb5bf648f3f.png)
![Kaston AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/20/1/358/017/761_f860301d-d9c3-4cae-afce-98063df9c849.png)
![Nogva Motorfabrikk AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/10/6/360/650/256_f5964744-f472-4134-ad30-c2b4fc2ea7b1.jpg)
![Proton Elektro AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/02/0/359/595/420_1105f679-7007-4d11-9080-4f7e5c4fcb13.png)
![Ulstein Verft AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/12/2/356/906/532_7c34c396-c81c-4e88-967b-62bd0a3504b0.jpg)
![Evotec logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/18/9/357/773/319_39753c6e-7d0c-4d61-9711-50e26bd7d79a.png)
![Kongsberg Maritime - Global Customer Support logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/-3460/iad_2203247642276791482kongsberg_logo-ny_18.png)
![VTI-Symjegruppa logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/03/3/359/791/113_358d46a9-8801-494d-9e4f-74633c264b44.png)
![Island Offshore Management AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/05/2/359/983/902_095d8906-f576-4f38-9979-5a4d5d04978f.png)
![Mulvik AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/01/0/359/421/900_556360a7-1b19-40a1-9f10-a8c672262d49.png)
![Spring Trainee logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/21/5/362/047/315_09c95f4c-6eae-4737-a23b-7dbe4c85048e.png)