![Helse Fonna HF logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1604029397/iad_4720398776931645387helse-fonna-logo-word.png)
![](https://images.finncdn.no/dynamic/1280w/2024/1/vertical-5/29/5/674/a27/80-/be9/d-1/1ee/-b4/e8-/153/e22/170/df5_717123480.jpg)
Bioingeniør
Helse Fonna HF
- Frist 25.08.2024
- Ansettelsesform Fast
Bli vår nye bioingeniør!
Har du lyst å jobbe saman med ein kjekk gjeng i eit godt arbeidsmiljø?
Då må du søkje på stilling hos oss ved Laboratoriet Odda! Vi er ein del av Avdeling for Laboratoriemedisin i Helse Fonna og er lokalisert ved Odda sjukehus.
Odda sjukehus er eit akuttsjukehus, noko som gir ein spanande og variert kvardag. Laboratoriet er døgnbemanna og stillinga inngår i vaktordninga med arbeid kvar 4-5 helg. Laboratoriet har fagområda preanalyse og prøvetaking, blodbank, medisinsk biokjemi og mikrobiologi. Det er stor variasjon i arbeidsoppgåver og du vil rullere mellom dei ulike fagområda.
Odda ligg i Sørfjorden i Hardanger og er kjent som eit av dei vakraste områda i Noreg. Du finn fotturar i alle kategoriar - Trolltunga er berre eitt eksempel på kva Odda sin natur kan tilby. For den som ønskjer andre utfordringar finn du blant anna; brevandring, kajakk, sykkelturar, fruktgårdar, museum og natursenter. Odda har også ulike kulturarrangement som siderfestival, blueshelg og litteratursymposium.
Høyres dette ut som noko for deg, send inn ein søknad!
Arbeidsoppgåver
- Analysearbeid innan generell kjemi, hematologi, koagulasjon og blodtypeserologi
- Blodprøvetaking
- Tapping av blod
- Enkle mikrobiologiske analysar
- Delta i vaktordning
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør
- Beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du er:
- er sjølvstendig og ansvarsbevisst
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- er fleksibel og serviceinnstilt
- bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- er nøyaktig og kan jobbe effektivt og systematisk
Vi tilbyr
- Faglege utfordringar og høgt fagleg nivå
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
- Godt arbeidsmiljø og engasjerte medarbeidarar
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Veiledning med å finne bustad
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sjukehusvegen 10, 5750 Odda
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell / Bioingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Odda, bioingeniør, trolltunga
- FINN-kode 359826937
- Sist endret
Lignende annonser
![Helse Fonna HF logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1604029397/iad_4720398776931645387helse-fonna-logo-word.png)
![Boliden Odda logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/10/7/360/728/197_917a83b6-38e1-4e28-80b1-77295572a280.png)
![Odda Plast AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/05/7/360/000/687_4830b4c5-d348-48aa-be99-bfff55f16fe2.jpg)
![LÅSSENTERET AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/26/5/316/670/745_03af3053-4325-404b-a4ce-55c4ecb384e5.jpg)
![Hardangerrådet iks logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/04/7/359/864/967_b32d0b3b-ec8d-4f2b-9af5-17166f41e1d9.png)
![Odda Plast AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/07/4/360/280/954_0b51d358-b94d-4086-94a0-979305e96bbc.jpg)
![Prima Assistanse avdeling Vestland logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/04/3/359/852/013_148d00a3-7def-41da-884f-d7c205e3f2bb.png)
![Hardanger Fjellfisk AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/17/8/357/617/648_5df16caa-5f88-458d-9c5a-a54ac9e36a05.png)
![Ocab AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/26/2/358/040/962_bfe8a48d-1fad-4e6a-b24a-f51e169d67e8.png)
![Odda Fotballklubb logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/20/6/358/121/616_a09e5200-3280-49de-abda-96a8909d1992.jpg)
![Ullensvang kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/12/5/360/918/075_bb8e929b-5d12-44e3-881b-62a43731a2ed.png)