![Blink Hus Søre Sunnmøre logo](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2024/7/vertical-1/04/0/234/610_b8aaac2b-6dbe-4cfb-b334-8b7f21da3281.png)
Erfaren tømrer
Blink Hus Søre Sunnmøre
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe hos ein seriøs og solid byggentreprenør?
Vi er i den heldige situasjon at vi opplever stadig aukande arbeidsmengde og ynskjer no å utvide tømrargruppa vår med ein erfaren tømrar/tømrerbas!
Vi søkjer deg som har stort pågangsmot, godt humør, er påliteleg og som kan vere ein bidragsyter i eit hyggeleg arbeidsmiljø. Du må kunne arbeide sjølvstendig og vise initiativ i ein hektisk kvardag.
Du må også kunne jobbe godt med dine kollegaar, og kunne samarbeide med andre disiplinar innan bygg og anlegg. Du må kunne lese arbeidsteikningar og monteringsanvisning for precut.
Våre oppdrag består hovudsakeleg i nybygging av bustadar, leiligheiter eller hytter på kunden si tomt eller i eigenregi. Vi styrer mot omsetningsrekord i 2024, og startar no mellom anna sal av einebustadar, rekkjehus og leiligheiter i vårt eige byggefelt i Hareid sentrum. I tillegg har vi bustadprosjekt i både Fosnavåg, Volda, Ørsta og Ulsteinvik.
Vi kan love ein variert arbeidskvardag med varierte arbeidsoppgåver med trivelege tømrerkolleger og dyktige prosjektleiarar!
Det er ynskjeleg at du er fastbuande på Hareid, Ulstein, Sande eller Herøy, men dette er ikkje eit krav.
Ønska kvalifikasjoner:
- Sertifikat klasse B
- Svennebrev eller relevant erfaring
- Kan jobbe sjølvstendig og i team
- Løysingsorientert
- Yrkesstoltheit
- Effektiv og strukturert
- Gode kommunikasjonsevner, fortrinnsvis på norsk
Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø og gode lønns-, pensjons- og forsikringsvilkår for den rette kandidaten. Gjennom kjedesamarbeidet med Blink Hus/Mestergruppen har vi tilgang til gode system og moglegheiter for fagleg utvikling med etterutdanning og kurs for dei rette kandidatane.
Om arbeidsgiveren
Blink Hus Søre Sunnmøre / Hadarhus AS har bygd einebustadar og leiligheiter av høg kvalitet på Sunnmøre sidan 1951. Vi er i dag 11 tilsette, derav 6 tømrarar.
Vi har ein solid økonomi og stor oppdragsmengde og med oppstart av to byggefelt i Hareid, ser det lyst ut for framtida!
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Privat
- Sted: STRANDGATA 53, 6060 Hareid
- Bransje: Bygg og anlegg, Håndverkstjenester
- Stillingsfunksjon: Håndverker, Snekker/Tømrer
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
Tømrer, Snekker, Tømrerbas, Snekkerbas
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 359840616
- Sist endret