![Tannhelsehuset Bergen AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/26/0/358/881/620_81cc88b3-a3ae-46cb-ba6d-205af28674f9.jpg)
![Universitetet i Bergen logo](https://images.finncdn.no/mmo/logo/object/561905763/iad_6662970134235014536uib_ny1.png)
Instruktørtannlege (60 % fast og 2 x 20 % vikariat) ved Institutt for klinisk odontologi
Universitetet i Bergen
- Frist 31.07.2024
- Ansettelsesform Fast
Instruktørtannlege (60 % fast og 2 x 20 % vikariat) ved Institutt for klinisk odontologi
Instruktørtannlege (80 % fast og 2 x 20 % vikariat) ved Institutt for klinisk odontologi
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Instruktørtannlege ved Seksjon for kariologi
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig ei fast stilling (80 %) og to vikariat (20 %) som instruktørtannlege. Ved særskilde høve kan det vere mogleg å dele opp den faste stillinga. Både den faste stillinga og vikariata er ledig frå 5. august 2024. Det eine vikariatet er ledig fram til og med 16. februar 2025, og det andre vikariatet er ledig fram til og med 1. april 2025.
Arbeidsplass er for tida ved Seksjon for kariologi. Den som vert tilsett må rekne med å gjere teneste ved andre seksjonar ved behov.
Ved tilsetjing vert det kravd politiattest etter helsepersonelloven §20 a).
Arbeidsoppgåver:
Arbeidet omfattar klinisk og teoretisk undervisning av kandidatar og studentar, behandling av institusjonen sine pasientar, og rettleiing og vurdering av kandidatar og studentar både praktisk og teoretisk. I tillegg kan det vere aktuelt å vere med på å utvikle instituttet ved deltaking i prosjekt og utval. Det vil vere mogleg å delta i faglege fora.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannlege ved tilsetjingsdato. Det er ønskjeleg med erfaring frå allmennpraksis og undervisnings- eller rettleiingserfaring og interesse for kariologi. For å få fast tilsetjing er det eit krav med minimum to års erfaring frå allmennpraksis som tannlege.
Den som vert tilsett må ha gode kunnskapar i norsk, kunne arbeide sjølvstendig, vere ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurdering av søkjar vil personlege eigenskapar verte vektlagd.
Undervisningsspråket er til vanleg norsk.
For stillingane gjeld Retningslinjer for stilling som instruktørtannlege ved Universitetet i Oslo og Bergen (https://regler.app.uib.no/regler/Del-3-Personal-og-HMS/3.1-Personalforvaltning/3.1.3-Regler-og-retningslinjer-for-vitenskapelige-stillinger/Retningslinjer-for-stilling-som-instruktoertannlege-ved-UiB-og-UiO).
Vi tilbyr:
- Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Løn for tida kr 646 000 (kode 1015) i lønsregulativet i staten, eller kr 692 400 for søkjarar som har spesial-/spesialistkompetanse (kode 1353). For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)
Søknaden skal innehalde:
- Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
- Oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
- Kopi av vitnemål og relevante attestar
- To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til seksjonsleiar, førsteamanuensis Ewa Rodakowska, e-post: ewa.rodakowska@uib.no.
Ved tilsetjing må politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader leggjast fram, etter helsepersonelloven §20 a).
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar utvidar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
Om arbeidsgiveren
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Årstadveien 19, 5009 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell / Tannhelse
- FINN-kode 359893077
- Sist endret
Lignende annonser
![Tannhelsehuset Bergen AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/26/0/358/881/620_81cc88b3-a3ae-46cb-ba6d-205af28674f9.jpg)
![Universitetet i Bergen logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/561905763/iad_7444975420048020927uib_ny1.png)
![Haraldsplass diakonale sykehus logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/01/2/359/463/362_ab3f0ef9-eec6-4e96-b6f7-40875b1e1086.png)
![TANNFEEN NORGE AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/25/9/358/718/889_23e47d00-546b-4a58-b4d8-212b5f332f21.png)
![Colosseum Tannlege Drammen logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/08/1/360/436/631_a9fb6e60-0318-4555-b50b-15f45ad67f2a.png)
![Colosseum Tannlege Stranda logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/06/9/356/052/609_08b6c52c-f37d-4223-9356-7de66a8920a0.jpg)
![Oris Dental AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/05/1/359/971/171_bc24f2ee-08a0-4fcd-bbfa-cc76660335cb.png)
![Tannklinikken Nohre-Solvang logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/23/4/357/819/384_a686c512-1afb-4e18-80f3-68f5c402dced.jpg)
![OC Tannklinikker logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/04/9/359/920/139_014b0881-0f20-4293-900e-8d5f843244fe.png)
![Kvikna AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/05/5/359/980/985_168dea57-1874-40ac-b6eb-feceb098ff65.png)
![TANNFEEN NORGE AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/08/1/356/327/241_d8f6ec71-f312-4ed5-b1d0-4a9e855911c9.png)