Dagleg leiar
Vestlamell
- Frist 16.8.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du ta over roret i ei ambisiøs trevarebedrift?
Vestlamell søkjer nå ein dagleg leiar som vil vera med og vidareutvikla verksemda vår. Me er ein del av ein verdikjede som byggjer framtidas bygg, og omset nå for rundt 10 millionar kroner årleg. Bedrifta held til på Sand og produserer nøye utvalde trekomponentar med lang levetid til norske dør- og vindaugsprodusentar. Kundane våre er spreidd over heile landet – men dei har eit til felles, er at dei set kvalitet høgt.
Etter 40 år i bransjen går Vestlamell inn i ein ny fase. Me har høge ambisjonar om å dobla omsetninga dei neste åra, fordi me trur på produktet vårt og på marknaden. Me posisjonerer oss i det øvre kvalitetssjiktet, med partnarar og kundar som er leiande i Noreg. Nå treng me deg som vil ta ansvar for dagleg drift, sal og forretningsutvikling i Vestlamell. Å styrka posisjonen som kvalitetsleverandør til berekraftige, arkitektteikna byggjeprosjekt, blir av dei viktigaste oppgåvene for vår nye daglege leiar. I tillegg kjem naturlegvis budsjett- og medarbeidar ansvar, HMS, prosjektstyring og generell orden i sysakene.
Me som jobbar i Vestlamell, brenn for å levera kvalitet. Her er det kort veg frå ord til handling – og det er nettopp det som er spennande med denne rolla. Dagane i Vestlamell er givande, hektiske og morosame. Her vil du jobba saman med eit lite, men fagleg svært dyktig team med lang erfaring. Det betyr at du som dagleg leiar kan vera trygg på at kvaliteten blir ivaretatt, og at du kan spela på oss for å få kunnskap om produkta, bransjen og det me leverer. Du kan konsentrera deg om ein jobb som både er strategisk og praktisk. Ønskjer du å bli deleigar i Vestlamell på sikt, er det også mogleg.
Her kan du få vera med og ta ei lita, men spanande bedrift til nye høgder, og få brukt fleire sider av kompetansen din – uansett om det er forretningsutvikling, sal, leiing, eller evna til å snakka med ulike folk. Alle er velkomne i Vestlamell, uansett kven du er, kor du kjem frå og kva du står for. Hjå oss kjem ein langt med god forretningsforståing, evna til å vera sjølvgåande og ikkje minst stilla seg bak verdiane våre tillitsskapande, kunnskapsrike, skikkelege og til å stola på.
Men nok om oss. Kva med deg? Ta kontakt med styreleiar Arild Tveteraas på 913 29 959 eller arild@tveteraas.com om du vil vita meir, eller send oss ein søknad på same e-postadresse innan 16. august. Me gler oss!
Om arbeidsgiveren
Vestlamell produserer trekomponentar til norske dør- og vindaugsprodusentar. Gjennom 40 år i bransjen, har me utvikla unik kompetanse på kvalitetsprodukt med lang levetid. Fabrikken er lokalisert på Sand i Ryfylke, og har sidan starten i 1985 vore ein aktiv samarbeidspartnar ved rehabilitering, restaurering og nybygg i Noreg.
- Sektor: Privat
- Lederkategori: Leder
- Sted: Garaneset 30, 4230 Sand
- Bransje: Industri og produksjon, Trevareindustri
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Salg, Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
ledelse, forretningsutvikling, bedriftsutvikling, strategisk, markedsbearbeiding
(1/5)
- FINN-kode 360001367
- Sist endret