![Vestland fylkeskommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/01/2/359/429/522_fe3055ea-35fa-42fb-b28a-4383a9fdc252.jpg)
![Vestland fylkeskommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2024/7/vertical-0/08/5/360/388/225_444634db-f96d-4006-914d-4ef73e89a0df.jpg)
Rådgjevar
Vestland fylkeskommune
- Frist 18.8.2024
- Ansettelsesform Fast
Rådgjevar ruteplanlegging
Vil du vere med å planlegge Skyss sitt kollektivtilbod? I 2023 var det 89 millionar påstigingar på buss, båt og bybane i Vestland, og stadig fleire reiser med oss! I rushtida er det nærare 1100 bussar i sving for å frakte folk til arbeid og skule, og vi kjøper transporttenester for over fire og ein halv milliard kroner i året. Arbeidet vårt med å planlegge kollektivtrafikken påverker kvardagen til mange, og vi har stor respekt for oppgåva. No treng vi ein rådgjevar med på laget!
Kollektivtilbodet skal vere eit attraktivt, enkelt og riktig val for dei reisande. Dette krev systematisk arbeid med å byggje opp eit samanhengande kollektivnettverk som er enkelt og tilpassa reisebehova til dei fleste. Det planlagde rutetilbodet med tilhøyrande data er informasjonsgrunnlaget for all informasjon til kunden, og bestillinga til dei som køyrer for oss. Vi utvikler også nye og meir fleksible tenester for å legge til rette for enda fleire berekraftige reiser.
Vi treng no ein ny rådgjevar, som vil ha hovudfokus på planlegging av rutetilbodet i definerte geografiske område.
Arbeidsstad for stillinga er Førde, Leikanger eller Bergen.
Arbeidsoppgåver
Vår nye rådgjevar vil inngå i ei faggruppe som skal sørge for detaljplanlegging av det samla rutetilbodet i Vestland, for både buss, bybane, båt og ferje. Som ruteplanleggar skal du sørge for at tilbodet alltid er oppdatert og tilpassa dei reisande sine behov best mogleg. Det er tett samarbeid med våre leverandørar av transporttenestene om effektiv drift i kollektivsystemet. Som ruteplanleggar vil du også inngå i samarbeid med alle delar av Skyss-organisasjonen, i ulike prosjekt, drift- og utviklingsoppgåver.
Dei viktigaste oppgåvene for stillinga er
- ruteplanlegging for buss, båt og ferje,
- analyse av relevant faktagrunnlag som passasjertal og køyretidsdata,
- løpande oppdatering og kvalitetssikring av ruteplanar,
- dialog med våre transportleverandørar om logistikkløysingane,
- bidra til arbeidet med vidareutvikling av metodikk og arbeidsprosessar for ruteplanlegging,
- ta del i utarbeiding av langsiktige planar for utvikling av rutetilbodet, og
- operasjonalisering av langsiktige planar.
Du får ansvar for å planlegge din eigen arbeidskvardag ut frå oppgåver og fristar.
Kvalifikasjonar
Vi treng deg som har høgare utdanning på masternivå innanfor relevante fagområde. Relevante fagområde kan vere til dømes logistikk, produksjonsplanlegging, operasjonsanalyse, optimering, matematikk, ingeniørfag eller IT. Det er fint om du har erfaring med kollektivtrafikk, ruteplanlegging, planlegging av transport, effektiv logistikk, produksjonsplanlegging eller liknande.
Relevant erfaring kan kompensere for kravet om mastergrad, men då vil stillingstittelen bli justert i samsvar med kvalifikasjonar.
Kjennskap til planleggingsverktøy for kollektivtrafikken, og generelt høg IT-kompetanse og forståing for moglegheitene med store datamengder, digitalisering og automatisering er ein fordel.
Erfaring med kollektivtrafikk er ikkje eit krav - er du nyutdanna og motivert blir du også oppfordra til å søke!
Personlege eigenskapar
Vi tenker at du må vere
- systematisk og nøyaktig,
- faktabasert og analytisk,
- god til å sjå viktigheit av detaljar i større komplekse system,
- god på problemløysing og ferdigstilling, og
- i stand til å samarbeide med andre for å oppnå dei beste løysingane.
Vi tilbyr
Hos oss i Skyss er vi mange som brenn for å utvikle gode kvardagsreiser for oss som bur og reiser i Vestland! Vi tilbyr:
- Ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad
- Eit engasjert arbeidsmiljø med hyggjelege kollegaer
- Moglegheit for å utvikle seg fagleg
- Fleksibel arbeidstidsordning
- Lønn etter avtale
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
- Arbeidsstad i Bergen, Førde eller Leikanger
Andre opplysningar
- Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk
- Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjar som har bedt om unntak vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
Om arbeidsgiveren
Om Skyss
Skyss har ansvaret for det offentlege tilbodet med buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke.
Vi er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk i fylket, og skal sikre at vi når dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenester. Skyss sitt mål er å gjere det mogleg for kvar enkelt å reise berekraftig frå der du er til dit du skal.
Skyss skal bidra til å nå klimamåla i Parisavtalen. Vi skal gjennom ein forretningsmessig og digital transformasjon, slik at vi kan sikre samanheng i mobilitetstenester på nye måtar til det beste for innbyggarane i Vestland. For å få dette til, må vi styrke laget med nøkkelpersonar som har interesse for mobilitet og som ønsker å bygge bru mellom dagens løysingar og eit mobilitetstilbod for framtida. Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune, har om lag 100 tilsette og eit budsjett på vel 4 milliardar kroner.
Les meir om Skyss her: Jobb og karriere i Skyss
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
- Flere arbeidssteder: Askedalen 2, 6863 Leikanger, Storehagen 1B, 6800 Førde
- Bransje: Offentlig administrasjon, Transport og logistikk, Annet
- Stillingsfunksjon: Planlegger, Samfunnsviter
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
kollektivtransport, skyss, samferdsel, logistikk, produksjonsplanlegging
- FINN-kode 360388225
- Sist endret
Lignende annonser
![Vestland fylkeskommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/01/2/359/429/522_fe3055ea-35fa-42fb-b28a-4383a9fdc252.jpg)
![Vestland fylkeskommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/14/1/357/210/281_e39c3231-5a80-4e6e-9c55-cf77b98583da.jpg)
![Høgskulen på Vestlandet logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1568786838/iad_3084308887002724602h_gskulen_p__vestlandet.png)
![ØKONOMISERVICE AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/07/2/356/007/812_30dac555-fd85-486e-98fe-be17cb1f6095.jpg)
![BKK AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/01/2/359/431/732_8521b837-9ee3-4b2e-9ccf-6c6e4aae8bc9.png)
![Avery Dennison NTP logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/11/3/360/794/863_8b7d7e45-5e26-4936-80d6-f2fe50198067.png)
![Glitter logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/10/3/360/653/123_5b4c087c-be41-4cfb-8c22-3f6fe76047a6.png)
![EM Distribusjon AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2023/4/vertical-0/24/0/284/659/350_2136975041.png)
![Deloitte logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/21/8/358/134/608_90c82a29-aa4d-4cb9-a813-645d4a5fb1ad.jpg)