Ergoterapeut
Lom kommune
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Vi treng ergoterapaut - er det deg?
Nå har Ergo- og fysioterapitenesta i Lom og Skjåk ledig 100% fast og 100% vikariat som ergoterapeut.
100% fast stilling som ergoterapeut har oppstart snarast etter 18.08.24. 100% vikariat som ergoterapeut har oppstart snarast, og varigheit ut året. For denne stillinga kan det bli moglegheit for forlenging.
Lom er vertskommune for den interkommunale ergo- og fysioterapitenesta som består av 2 årsverk ergoterapistilling, og 4,3 årsverk fysioterapistilling. I tillegg har vi 80% fysioterapeut med driftsavtale. Vi tykkjer vi er ein "luggum" gjeng som tilstreber eit kompetent fagmiljø.
Ergo- og fysioterapitenesta har ansvar for sine fagfelt i tillegg til kommunalt hjelpemiddellager. Avdelinga har lokalar i båe kommunane.
Tenesta har tett samarbeid med andre kommunale tenester innan helse, skular og barnehagar. Den faste stillinga vil ha arbeidsstad i Lom kommune mens vikariatet vil ha arbeidsmøtestad i Skjåk kommune. Da tenesta er felles for Lom og Skjåk kommunar kan det vere aktuelt med arbeidsoppgåver i båe kommunane ved behov.
Arbeidsgjevar kan hjelpe til med å finne bustad.
Arbeidsoppgåver
• Ergoterapifaglege oppgåver for å bidra til å styrke folkehelse, førebygging og re-/habilitering. Her inngår å kartlegge/undersøkje fysisk- og kognitiv funksjon med fokus på ressursar og meistring, rettleie brukare, pårørande og tilsette samt oppfølging av pasientar på institusjon.
• Koordinator for rehabilitering på institusjon.
• Delta i tverrfagleg samarbeid og vurderingsmøte.
• Koordinator for kvardagsrehabilitering.
• Utvikle, følge opp og implementere velferdsteknologi.
• Samarbeide med demensteamet.
• Kartlegge og tilrettelegge bustad
• Hjelpemiddelformidling og ansvar for lokalt hjelpemiddellager i samarbeid med vaktmeister og reingjeringspersonalet
Kvalifikasjonar
• Offentleg godkjent ergoterapeut
• Godkjent politiattest
• Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer at du:
• er glad i faget ditt, glad i mennesker og har godt humør
• har evne til å samarbeide og være fleksibel
• er strukturert og kan jobbe sjølvstendig
• har interesse for velferdsteknologi
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Vi kan tilby:
- Løn etter utdanning og ansiennitet (årsløn i 100% stilling mellom kr. 507.400 – 745.100)
- God pensjonsordning i KLP
- Vi kan hjelpe med å finne bustad.
Er dette noko for deg?
• Søknadsfrist 18.08.24.
• Namn på søkjarar vil bli gjort offentleg.
Nærare opplysningar om stillinga får du av avdelingsleiar for ergo- og fysioterapitenesta Lom og Skjåk:
• Sivert Jonassen. Tlf: 481 65 520
• Epost: sivert.jonassen@lom.kommune.no
Du søkjer på stillinga ved å nytte elektronisk søknadsskjema på www.lom.kommune.no
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Sognefjellsvegen 6, 2686 Lom
- Bransje: Helse og omsorg, Miljøtjenester, Annet
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell / Ergoterapeut, Konsulent, Annet
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
ergoterapeut, helse og velsferd, forebygging
Lokaler til fysio- og ergoterapitenesta (1/11)
- FINN-kode 360390167
- Sist endret