Sosialkonsulent
Bergen fengsel
- Frist 04.08.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag?
Sosialkonsulent
Om stillinga
Bergen fengsel aukar bemanninga og søkjer 3 tilsette til sosialfagleg arbeid opp mot innsette
Fyrstekonsulent skal utføre sjølvstendig sakshandsaming og ha evne til setje seg inn i problemstillingar og bidra til å utvikle området. Stillinga eignar seg for nyutdanna med høgare utdanning, men utan lang relevant erfaring frå fagområdet.
Rådgjevar skal meistre sjølvstendig sakshandsaming, rådgjeving, analyse og utvikling innanfor eit gjeve fagområde. Rådgjevar skal ha evne til å setje seg raskt inn i problemstillingar, utarbeide analysar, formidle analysar, målsetnader og resultat på ein god måte.
Det å arbeide i eit fengsel er i likhet med enkelte andre plasser litt spesielt. Du skal møte mennesker som er i ein unormal livssituasjon og som treng deg som bindeledd mellom fengsel og samfunn.
Arbeidsoppgåver
- klientkontakt med innsette under fengselsopphaldet
- bidra til kartlegging av innsette
- prosess-samtaler
- sakshandsaming
- bistå og rettleie innsette med økonomiske spørsmål
- delta i møter som omfattar innsette
- følgje opp avtaler med samhandlingspartar (NAV, konfliktråd o.a)
- samarbeid med interne - og eksterne faggrupper
- strukturere samarbeid med frivillige organisasjonar
- nettverksarbeid
- rettleiing av kontaktbetjenter og andre faggrupper i eininga
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Utdanning og erfaring
Fyrstekonsulent
Du må ha
- relevant høgskule- eller universitetsutdanning på bachelornivå
formell utdanning kan erstattes av lang og relevant arbeidserfaring - god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
Det er ønskjeleg at du har
- relevant erfaring frå fagfeltet
- erfaring med statleg forvalting
- kjennskap til prosess med gjeldsordning
----------------------------------------------------------------------------------------
Rådgjevar
Du må ha
- relevant høgskule-eller universitetsutdanning på masternivå eller
relevant høgskule- eller universitetsutdanning på bachelornivå, og 3 års relevant erfaring.
I spesiell tilfeller kan særleg lang og relevant erfaring oppveie krav til formell utdanning - god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
Det er ønskjeleg at du har
- relevant erfaring frå fagfeltet
- erfaring med statleg forvalting
- kjennskap til prosess med gjeldsordning
Personlege eigenskapar
- gode kommunikasjons- og samhandlingsevner
- evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk
- utprega kommunikasjonsferdigheiter og ferdigheiter i samtaleteknikk
- evne til grensesettjing
- god munnleg og skriftleg fremstillingsevne
- evne til å tenkje heilhetleg og langsiktig
- beslutningsevne, kreativ, lojal og fleksibel
- evne til å se den innsette sitt individuelle behov for bistand og rettleiing
- personlege eigenskapar i tråd med etatens verdier
Vi tilbyr
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- gratis parkering, bedriftshelseteneste, kantine, velferdslag og treningstilbod
- ein arbeidsplass med umiddelbar nærleik til natur-og fritidsaktivitetar såvel som nærleik til sentrum, lokalt næringsliv, skule og barnehagar.
- Stillingane er i utgangspunktet dagtid, men ein vurderar også mogelegheita for turnus
stillinga vert løna i stillingskode 1408 Førstekonsulent kr. 466 600 - 584 500 eller 1434 Rådgjevar kr. 565 900 - 720 100 avhengig av ansiennitet/kvalifikasjonar
Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her. (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling)
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til inspektør Målfrid Kallekleiv tlf. 55393666 mob. 99642258
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Om arbeidsgiveren
Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
Kriminalomsorgen region vest omfattar fem fengsel, tre friomsorgskontor, ein overgangsbustad og Senter for narkotikaprogram med domstolskontroll. Region vest har ca. 500 tilsette i Vestland og Møre og Romsdal. Regionadministrasjonen ligg i Bergen.
Bergen fengsel er eit av dei største fengsla i landet med om lag 200 plassar for både kvinner og menn. Fengselet legg til rette for utvikling forinnsette og gjev moglegheit for ny kompetanse.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Steinestøvegen 401, 5109 Hylkje
- Bransje: Helse og omsorg, Politi og sikkerhet, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Sosionom
- FINN-kode 360392608
- Sist endret