Psykologspesialist
Helse Bergen
- Frist 11.08.2024
- Ansettelsesform Fast
Psykologspesialist
Har du lyst til å vere med å bygge opp vårt psykosebehandlingstilbod? Vi har nå tilsatt seksjonsoverlege og psykologspesialist. Vi ønsker å supplere teamet vårt ytterlegare med ein psykiater og psykologspesialist.Du vil i stor grad kunne vere med å utforme behandlingstilbodet, og påverke korleis vi yter tenestene tilpasientgruppa.Bjørgvin Distrikspsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Klinikkengir psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggjarane i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen,Masfjorden, Modalen og Osterøy og i tillegg bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune. Samla harklinikken eit opptaksområde med om lag 80 000 innbyggjarar over 18 år.Bjørgvin DPS har i 2023 eit budsjett på 159 millionar kroner, og 220 tilsette fordelt på 156 årsverk.Klinikken er lokalisert på Tertnes i Åsane og i Knarvik i Alver kommune. Døgntilbodet er lokalisert påTertnes, medan polikliniske tenester blir gitt både i Knarvik og på Tertnes. Klinikken omfattar fagområdapsykose og allmennpsykiatri.
Bjørgvin DPS søker etter ein fagleg, engasjert og psykologspesialist i 100% fast stilling til fagområdetpsykose. Psykolog med særskild interesse for fagområdet kan også søke. Stillinga gir rom for alternativ tenking knytt til arbeidsplan. Dette inneber at ein kan arbeideintensivt i periodar for så å ha fri i periodar. I friperiodane vil det vere noko ubunden arbeidstid sompsykologspesialisten nyttar til førebuing. Klinikken har ei kognitiv behandlingstilnærming.
Arbeidsoppgåver
Bjørgvin DPS sine kjerneoppgåver er:
- Spesialisert utredning og differensiert behandling
- Opplæring av pasientar og pårørande
- Rettleiing til den kommunale psykiske helsetenesta
- Forsking, kvalitetsutvikling og utdanning av helsepersonell
Klinikken har for tida 11 legespesialistar og 20 psykologspesialistar. Vi ønsker å styrkespesialistkompetansen ytterlegare.
Vi legg til rette for kompetanseheving og etterutdanning forspesialistar og vi har fokus på klinikknær forsking. Samarbeid med sjukehus, kommunar ogbrukarorganisasjonar er ein viktig del av jobben
Bjørgvin psykosepoliklinikk/ FACT team:
* Teamet er breitt, tverrfagleg samansett med overlegar, psykologspesialistar, psykologar, sosionomar, IPSkonsulentar, spesialsjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, ergoterapeut, fysioterapeut ogerfaringskonsulent. Totalt er der 20 årsverk i poliklinikken/ FACT teamet
* Seksjonen har pasientar i frivillig vern, pasientar som er under psykisk helsevern på tvang utandøgnopphald og pasientar som er domfelte til psykisk helsevern på tvang. Poliklinikken /FACT teamet hartotalt 160 pasientar i behandling
Bjørgvin psykose døgnbehandling:
* Eininga har ei velkvalifisert personalgruppe der den store majoriteten er høgskuelutdanna personalemed videreutdanning i psykisk helse og/eller rusproblematikk
* Totalt har seksjonen 15 døgnplassar. Seksjonen har i tillegg psykolog, psykologspesialist, lege medspesialitet i allmennmedisin og sosionom
Kvalifikasjonar
- Spesialist i klinisk vaksenpsykologi med vedtakskompetanse ihht psykisk helsevern lov
- Norsk autorisasjon som psykolog
- Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg
- Ønskeleg med erfaring frå psykose
- Ønskeleg med erfaring frå rettleiing
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert og løysingsorientert
- Du er tilpassingsdyktig, effektiv og sjølvstendig
- Du likar å jobbe tverrfagleg, både internt i eigen seksjon og med samarbeidspartnarar
- Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Du trivst i eit aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr
- Ein spennande psykologspesialiststilling i ein veldreven seksjon med høg tverrfagleg kompetanse
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Tertnesveien 37, 5113 Tertnes
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell / Psykolog
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Psykologspesialist, Psykaitri, Psykose, Bjørgvin DPS, Helse Bergen
- FINN-kode 360396590
- Sist endret