![OmCider AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/03/7/359/716/587_c2def620-6d0c-4ed2-90ca-6424a6f355c6.png)
![Hjelmeland kommune - RITS logo](https://images.finncdn.no/mmo/logo/result/1413785550/resultat.png)
IKT-konsulent 100 % fast stilling i Hjelmeland kommune
Hjelmeland kommune - RITS
- Frist 15.08.2024
- Ansettelsesform Fast
Er du på jakt etter nye utfordringar og er løysingsorientert?
Er du ein teknologientusiast som brenn for å levera gode IKT-tenester til kundane dine, har prosjekterfaring og likar å jobba i eit hektisk teknologimiljø både lokalt og i skya? Då er kanskje du den me leitar etter.
Ansvar og arbeidsoppgåver
- Inngå i IKT-drift, vedlikehald og vidareutvikling av RITS sin IKT-portefølje, herundar installasjon, vedlikehald og oppgradering av kommunens løysingar, applikasjonar, kontorstøtte- og fagsystem
- Informasjonssikkerheit og IKT-sikkerheit, kvalitetssikring og dokumentasjon
- Brukarstøtte
- Rådgjeving, løysingsdesign, innkjøp og implementering av ny teknologi
- Prosjektarbeid
Kvalifikasjonar
- Du må ha minimum tre års utdanning frå høgskule eller universitet innanfor IKT-området. For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå det aktuelle fagområdet og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning bli fråvike
- Minimum IKT-utdanning på høgskulenivå innan IKT drift og systemvedlikehald/nettverk
- Kjennskap og erfaring til drift av IKT-løysingar og implementering av system/applikasjonar
- Kjennskap og erfaring til IKT-drift og god kompetanse innan eit eller fleire av følgjande område:
- M365 (Azure AD, Teams, SharePoint, Exchange online, Intune mv.)
- Virtuelt servermiljø (windows)
- Kjennskap til standardar og beste praksis innanfor IKT-sikkerheit
- Kjennskap og erfaring til integrasjons- og API-utvikling
- Kjennskap til prosjektmetodar og prosjektgjennomføring
- Prosjekterfaring
- Bestått språkopplæring på nivå B2 i norsk
- Må ha førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Uredd og entusiastisk innan IKT-faget og prosjektarbeid
- Engasjert og serviceinnstilt med god kommunikasjons- og samarbeidsevne
- Ansvarsbevisst med fokus på sikkerheit, kvalitet og dokumentasjon
- Løysingsorientert og nytenkande
- Evne til å arbeida strukturert og målretta i ein travel kvardag
- Evne til å setja seg inn i problemstillingar og sjå løysingar frå fleire vinklar/perspektiv.
Sertifiseringar
- All sertifisering og gjennomførte kurs innanfor Cloud/IKT-drift og utvikling er ein fordel
Vilkår
- Tilsetjinga vil vera i samsvar med gjeldande lovar og avtalar
- Løn etter avtale
- Det vert trekt 2% av bruttoløn til pensjonsordninga
Me tilbyr
Me tilbyr den rette kandidaten ei viktig rolle i drift og forvaltning av IKT tenester og prosjektarbeid for Ryfylke kommunane (RITS).
Kompetanseheving er ein viktig del av stillinga noko me legg til rette for, og det er gode moglegheiter for personleg utvikling.
Du vil jobba tett i saman med eit interkommunalt team i RITS-samarbeidet.
Kontorstad er Hjelmeland kommune, men fleksibilitet i forhold til oppmøtedagar/heimekontor. Noko reising vil førekoma. Stillinga rapportera til RITS It-sjef.
Hjelmeland kommune har ei rekke lokalt forhandla ordningar for sine tilsette.
Sjå kommunens heimeside for meir informasjon.
I Hjelmeland kommune er me opptekne av mangfald og eit inkluderande arbeidsmiljø.
Vi har storslått natur og ein rekke sosiale arrangement som kan være attraktive for den rette kandidaten. Hjelmeland er ein trygg og god kommune å bu i, og har eit godt tenestetilbod til alle våre innbyggjarar.
Kommunen sin visjon er «Hjelmeland Naturlegvis». Med hovudmål Jobb og attraktivitet.
Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, IKT, skule og barnehage.
Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søker på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål, me ønskjer likevel at du tek dei med til eit eventuelt intervju.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.
Om arbeidsgiveren
Samarbeidet er ein viktig aktør i utviklinga av nye digitale tjenester.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland
- Bransje: IT
- Stillingsfunksjon: IT drift og vedlikehold / Drift/Operations
Nøkkelord
IKT-konsulent, IKT, Hjelmeland, IKT-medarbeider
- FINN-kode 360430439
- Sist endret
Lignende annonser
![OmCider AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/03/7/359/716/587_c2def620-6d0c-4ed2-90ca-6424a6f355c6.png)
![XL-BYGG RYFYLKE AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-1/11/2/794/062_3aa6ef50-e3ea-42dd-9ae7-459db0b3e827.png)
![https://www.suldal.kommune.no/ logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/08/0/360/435/830_f5204c63-7f82-4e74-864f-8d79d2757e4b.png)
Pedagogisk leiar i Vinjar barnehage avd. Nesflaten
https://www.suldal.kommune.no/
![Tytlandsvik Aqua AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/01/0/359/463/580_b88dee9d-200d-4760-9d73-3bd64ce24d42.png)
![Romarheim Entreprenør AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-1/28/7/359/050/147_fcb038a1-fd1c-406f-bc6c-fc6635252e96.png)
![Soolo AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/02/3/359/615/613_84e51826-0de8-4cbc-84fd-47cda3204628.png)
![Statkraft Energi AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/11/0/360/835/800_1cddd476-16e7-4844-afd5-5c08a828dfd5.jpg)
![KIWI 731 Lyngdal logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/37451304/iad_573601655058443411900-kiwi-minipris-logo_mediumlarge.png)
![StudentConsulting logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/01/5/359/433/015_41454c64-9a86-4da1-a417-f107c405e759.png)