![](https://images.finncdn.no/dynamic/1280w/2023/2/vertical-5/14/3/695/746/c0-/ac9/7-1/1ed/-b4/1c-/d3c/bcb/0ac/a53_867197996.png)
Operatørar Elektrolyse
Hydro
- Frist 4.8.2024
- Ansettelsesform Fast
Hydro Husnes søkjer operatørar til Elektrolysen
Hydro Husnes ligg ved utløpet av Hardangerfjorden, i Kvinnherad kommune i Sunnhordland, med gode oppvekstsvilkår for born og ungdom. Området kan by på idyllisk skjærgård, høge fjell og isbrear, og det er flotte moglegheiter for fritidsaktiviteter både sommar- og vinterstid. Verket er Norges fjerde største aluminiumprodusent, målt etter årleg produksjonskapasitet på 200 000 tonn elektrolysemetall. I tillegg til produksjon av primæraluminium har verket eit støyperi for produksjon av pressbolt, og totalt kring 340 ansatte.
No søkjer vi etter 6 nye operatørar til Elektrolysen. 4 av stillingane inngår i 5-skiftsordning, med arbeidstid formiddag, ettermiddag og natt. 2 av stillingane har arbeidstid dagtid.
Arbeidsoppgåvene til ein operatør i elektrolyse vil vera allsidige og varierte. Dette inneber daglege driftsoppgåver og prosessovervaking. Mange av oppgåvene blir utført med køyretøy. Operatøren skal bidra til mest mogleg sikker og effektiv produksjon av aluminium og aluminiumsprodukt
Kvalifikasjonar
- Relevant fagbrev er ynskjeleg
- Erfaring frå tilsvarande industri er ein fordel
- Førarkort klasse B
- Truck- og kransertifikat er ein fordel
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Som person er du handlekraftig, nøyaktig og kvalitetsbevisst. Du jobbar sjølvstendig, men fungerer og godt i team. Du kommuniserer klart og tydeleg, har godt humør og held hovudet kaldt i ein hektisk kvardag.
Helse, miljø og tryggleik (HMS) er integrert i Hydro sitt daglege virke. Det er vårt ansvar å beskytta våre tilsette si helse og tryggleik, og bidra til ei berekraftig utvikling i dei miljøa der me opererer. Me søkjer difor tilsette som er opptekne av tryggleik og vil bidra positivt til dette, gjennom sunne og bevisste HMS-haldningar og -handlingar. Du har også gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Tilleggsinformasjon
Ver venleg og legg ved søknadsbrev, CV, relevante vitnemål/karakterutskrifter og dokumentasjon på fagbrev og sertifikat. Me aksepterer berre elektroniske søknadar.
Søknadsfrist: 04.08.2024
Viss du har spørsmål kan du kontakte:
Leiar:
Stig Bruntveit
Mobil: (Norway +47) 94185616
Rekrutterer
Berit Aakre
(Norway +47) 92227339
Om arbeidsgiveren
Vil du være med på å forme en bærekraftig fremtid?
Med sine 30 000 ansatte verden over og sin tilstedeværelse i en rekke markeder for aluminium og metallgjenvinning, energi, batterier og fornybar energi besitter Hydro unik innsikt, kunnskap og kompetanse.
Vi har en stolt historie og ønsker å være ledende i arbeidet med å skape en bærekraftig fremtid ved å utvikle naturressurser til innovative produkter og løsninger. Og det er alle våre dyktige medarbeidere som er vår viktigste suksessfaktor.
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 6
- Sted: 5460 Husnes
- Bransje: Industri og produksjon, Metaller og mineraler, Verksindustri
- Stillingsfunksjon: Produksjon, Produksjon / Produksjonsteknikk/Prosessteknikk
Nøkkelord
Operatør, Prosessindustri, Industri, Kjemiprosess
(1/2)
- FINN-kode 360528158
- Sist endret