Psykologspesialist/ psykolog ved AFR Floen
Helse Bergen
- Frist 28.07.2024
- Ansettelsesform Vikariat
Psykologspesialist/ psykolog ved AFR Floen
Vi har ledig vikariat som psykologspesialist eller psykolog i Avdeling for rusmedisin (AFR) ved seksjon Floen. Vikariatet er 6 mnd, med mulighet for videre fast stilling.
Avdeling for rusmedisin har om lag 570 medarbeidarar fordelt over fleire poliklinikkar og døgnseksjonar. Det vil i dei neste åra gå føre seg spennande utvikling knytta til differensiering av tenester og forsking. AFR tilbyr eit bredt spekter av rus - og avhengighetsbehandling.
Seksjon Floen tilbyr medisinfri, langtidsbehandling til personar i aldersgruppa 18-40 år. Behandlingsforløpet er delt inn i fasar, forløpet startar med poliklinikk, deretter døgnbehandling på gårdsbruk på Manger ( fase 2) , døgnbehandling i Bergen (fase 3) og avslutningsvis en overføringsfase poliklinisk. Behandlinga er relasjonsorientert. Den er basert på terapeutisk samfunns modell der brukermedverknad og felleskap er ein viktig del av metoden. Vi brukar traumebasert tilnærming som ramme for det miljøterapeutiske arbeidet i møte med pasientane.
AFR Floen har to avdelinger, en i Bergen og en på Manger, stillingen er knytt til begge avdelingene, men arbeidssted for stillingen er i Bergen.
Stillinga er ledig frå 01.08.24.
Arbeidsoppgåver
- Fagleg ansvarleg for pasienter i døgnbehandling, samt polikliniske pasientar før og etter døgnopphold, delt med en annen psykolog
- Gruppeterapi
- Kartlegging og utgreiing
- Undervisning og rettleiing av personalet
- Langvarige behandlingsforløp i samarbeid med pasientar, tilsatte, familie og nettverk
- Bidra til fagleg utvikling av vårt tilbod
- Delta i tverrfagleg samarbeid og i leiar-behandlergruppa i Floen
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykolog
- Særs gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
- Godkjend spesialitet i klinisk psykologi vil vere ein fordel
- Erfaring med arbeid innan rusbehandling og psykisk helsevern vil vere ein fordel
- Ha sertifikat og disponere bil
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som:
- har gode samarbeidsevner og eit ønske om å arbeide med unge vaksne over tid
- har ein genuin interesse av å jobbe med unge rusavhengige og evne til å skape stabilitet og tryggleik i møte med dei
- har fokus på brukarmedverknad i behandlinga og har eit ressursorientert perspektiv
- har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande avtalar
- Høgt fagleg nivå og engasjement
- Fagleg og personleg utvikling
- Muligheter for individuell tilpasning av arbeidstid, og at noe av reisetiden kan inngå i arbeidstiden
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Moldbakken 9A, 5042 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell / Psykolog
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Psykologspesialist, Psykolog, Rusmedisin, Heltid, Vikariat
- FINN-kode 360548217
- Sist endret