![Poly Har AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/03/1/359/697/461_5325c1cb-e26c-466a-b988-73f1d3c69a85.png)
Mekanikar
Ørsta
- Frist 18.8.2024
- Ansettelsesform Fast
Mekanikar på jakt etter nye utfordringar? Frydenbø Bil i Ørsta høyrer gjerne frå deg!
I hjartet av Sunnmørsalpane ligg Ørsta. I hjartet av Ørsta ligg Frydenbø Bil, og hos oss har vi no ledig jobb som mekanikar. Kanskje kunne du tenkt deg ein spennande jobb hos oss?
Frydenbø Bil i Ørsta er ein fullskala Volkswagen-forhandlar, i tillegg til merkeverkstad for Audi og Skoda. Vi har med andre ord produkt i verdsklasse, men sjølv desse bilane treng service, vedlikehald og reparasjonar.
Vi søkjer etter ein positiv og imøtekomande person som har lyst å jobbe på anlegget vårt i Ørsta, i lag med våre kunnskapsrike og trivelege kollegaer. Det er ikkje eit krav, men det er ein fordel om ein har PKK- og el-bil-kompetanse.
Volkswagen viser veg når det gjeld innovasjon og teknologi, og er langt framme i utviklinga av framtidas framkomstmiddel. Som tilsett i Frydenbø Bil får du høve til å utvikle deg vidare på den reisa gjennom Harald A. Møller kompetansesenter, ein av dei beste skulane i landet, med tanke på opplæring og karrieremoglegheiter innan faget.
Typiske arbeidsoppgåver er:
- Fagtekniker/HV ekspert
- Diagnose og feilsøking
- Reparasjonar og mekanisk arbeid
- Service og vedlikehald
- Montering av ekstrautstyr
Vi tilbyr:
- Høve til å jobbe med nokre av verdas mest kjende merkevarer
- Gode utviklingsmoglegheiter, på ny og spennande teknologi
- Eit godt og trygt arbeidsmiljø
- Konkurransedyktige lønnsvilkår og solid eigarstruktur
- Gode pensjons- og forsikringsordningar. inkl. helseforsikring
- Støtte til trening
- Attraktive rabattar på bil- og båtkjøp gjennom eigarkonsernet vårt
- Tilgang til firmaleilegheiter/hytter
Høyrest dette spennande ut? Ikkje kvi deg på å ta kontakt med Jan Sindre Brautaset, tlf. 906 74 895, for meir informasjon om stillinga.
Søknadsfrist: 18.08.24. Søknader blir behandla fortløpande.
Om arbeidsgiveren
Frydenbø Bil er et av Vestlandets raskest voksende konsern og er bilforhandler av Volvo, BYD, Maxus, Audi, Skoda og Volkswagen. Vi driver Polestar Space og Lotus butikk i Bergen. I tillegg er vi majoritetseier i EV Services AS, et selskap som spesialiserer seg på reparasjon av elektriske biler, samt deleier i bruktbilkjeden MyCar. Konsernet hadde en omsetning på NOK 3,2 mrd. i 2022.
I 2022 kjøpte Frydenbø Bil Berge&Co, og Møller Bil Ålesund og Molde i 2023. Frydenbø Bil har nå bilforretninger i Mandal, Kristiansand, Bergen, Førde, Sogndal, Sandane, Stryn, Ørsta, Ålesund og Molde, samt merkeverksted i Måløy og Høyland. Vi er totalt 430 ansatte.
- Sektor: Privat
- Sted: Anders Hovden-gata 14, 6150 Ørsta
- Bransje: Bil, kjøretøy og verksted, Bil- og bildelproduksjon, Verksindustri
- Stillingsfunksjon: Håndverker / Mekaniker, Mekanikk og installasjon, Teknisk personell
Nøkkelord
mekanikar, bilverksted, service, teknikar, Pkk
- FINN-kode 360656070
- Sist endret
Lignende annonser
![Poly Har AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/03/1/359/697/461_5325c1cb-e26c-466a-b988-73f1d3c69a85.png)
![Uloba - Independent Living Norge SA logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/10/5/360/649/105_40cd66d7-d95b-4fc2-af20-a6bced6aeeb3.jpg)
![VTI-Symjegruppa logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/03/3/359/791/113_358d46a9-8801-494d-9e4f-74633c264b44.png)
![Spenncon AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/04/3/359/882/453_6ba9d50c-9e74-47ff-a9a7-ab910f462973.png)
![Obs BYGG Volda logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/163018327/iad_5921699905205734815coop_nordvest_jpg-format.png)
![Skogstad Sport AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/16/8/361/462/608_b9215bd6-197a-4744-873e-d3c201b8fc14.png)
![Linja er eit av dei største nettselskapa i landet, med over 100 000 kundar. logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/05/2/359/881/612_227c0658-db65-4322-89af-672d564d5b15.png)
Energimontørar
Linja er eit av dei største nettselskapa i landet, med over 100 000 kundar.
![https://www.facebook.com/IngeKolasAs/ logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/17/2/361/558/542_38744c4a-9bfd-46a4-9f90-a64f585c20cc.jpg)
![Ode AS avd Alida logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/22/8/362/107/338_bdf32492-caa7-46bb-b8ab-081b837f178d.jpg)
![Ocab AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/8/vertical-0/07/5/364/563/225_893875c1-6b96-4598-a6c5-32670e1c6600.png)