![BKK AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/28/9/359/086/139_383f1a33-4c41-4bbc-809d-acb85c59428b.jpg)
![Proxima Hydrotech AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2024/7/vertical-0/10/7/360/667/187_d7ef031f-cf30-416d-b21e-5f7c86698958.jpg)
Systemutvikler
Proxima Hydrotech AS
- Frist 20.8.2024
- Ansettelsesform Fast
Er du nysgjerrig på småkraftbransjen og har eit ynskje om å bidra i det grøne skiftet?
Me opplever stadig aukande etterspurnad etter våre tenester og system innan drift av kraftverk. Tekniske utfordingar må løysast raskt og nye behov må dekkast nesten før me kjenner til dei. Kontinuerleg vidareutvikling er eit nøkkelord.
Sentrale arbeidsoppgåver:
· Utvikling av nye system, frontend og backend- utvikling
· Vidareutvikling av dagens drifts- og overvakingsssystem
· Ressurs for interne og eksterne brukarar for våre system
· IT tryggleik
Ynskja kvalifikasjonar:
· Programmeringskompetanse
· Erfaring med SQL, REST, HTML, SharePoint er ein fordel
· Teknisk erfaring / forståing
· Evne til å kommunisere godt med andre, gje veiledning og presentere
tekniske løysingar for ulike interessentar
· God HMS og kvalitetsforståing
· Ynskjeleg med erfaring frå Småkraftbransjen, men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar:
· Fagleg dyktig, strukturert, lagspelar, løysningsorientert
· Serviceinnstilt og sjølvstendig
· Likar utfordringar og samarbeid. Evnar å skape tillit
Du må kjenna deg igjen i våre verdiar: Profesjonell – Hjelpsam – Tillitsfull
Me kan mellom anna tilby:
· Moglegheita til å bidra positivt til eit berekraftig samfunn,
som del av det grøne skiftet og utvikling av lokalmiljø
· Å verte del av eit selskap med store ambisjonar og solide eigarar
· Store personlege utviklingsmoglegheiter
· Ein aktiv arbeidsdag med faglege utfordringar
· Positivt og engasjerande miljø
· Moglegheit til å vera med å forma eit firma i vekst
Arbeidsstad: Etter avtale. Noko reising må påreknast.
Høyrte dette spennande ut?
Ta gjerne kontakt med vår IT ansvarleg, Kristoffer Rød, kristoffer@proximahydrotech.no, mobil 476 58 399 eller Dagleg leiar Anita Alsaker, anita@proximahydrotech.no, mobil 982 27 645.
Kortfatta søknad med CV sendes snarast og seinast 20. august til post@proximahydrotech.no. Søknader vert vurdert fortløpande.
Om arbeidsgiveren
Proxima Hydrotech AS er spesialist på drift og vedlikehald av småkraftverk. Me har kundar i heile Noreg. I tillegg til å drifte kraftverk tilbyr me tilstandskontrollar, driftsleiartenester, vedlikehald og rådgjevingstenester. Me nyttar eit eigenutvikla driftsovervakingssystem i samband med drift av kraftverk. Dette systemet er og eit produkt me sel til andre som driftar kraftverk.
I dag driftar me over 70 maskiner og har serviceavtale med rundt 200 småkraftverk. Pr. i dag er me lokalisert på Seimsfoss i Kvinnherad kor me har hovudkontoret vårt. I tillegg har me avdelingskontor i Dale i Sunnfjord og i Bergen. Les meir om oss på www.proximahydrotech.no
- Nettverk: LinkedIn
- Sektor: Privat
- Sted: Seimsvegen 116, 5472 Seimsfoss
- Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester, IT, Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Design / Web, IT utvikling / IT-sikkerhet, IT utvikling / Utvikler (generell)
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
systemutvikling, programmerer
- FINN-kode 360667187
- Sist endret
Lignende annonser
![BKK AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/28/9/359/086/139_383f1a33-4c41-4bbc-809d-acb85c59428b.jpg)
![BKK AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/04/3/359/876/783_ff6efa81-c0b2-4cc2-8d18-7ae1bcbbd708.png)
![Mintra logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/26/9/358/854/059_9ee76226-78e7-44f7-a6a2-83a2f14d58c6.png)
![BKK AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/28/1/359/084/391_aa5e5c7e-f3bd-48aa-bcbd-c915d3bcd5f1.png)
![Prelect AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/23/6/362/271/216_a596c77f-9a4f-44fb-be23-6f4a9960cb27.jpg)
![Hydrogen Solutions AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/02/3/359/565/083_a3acdc19-7aca-4a39-8371-52223dbe2212.png)
![Prelect AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/23/6/362/280/016_e7cdefc3-b683-42ac-9fa3-8eee622921a0.jpg)
![BKK AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/28/4/359/072/024_5dbcb96e-8121-4267-a6e2-1482c527266b.png)
![TIETOEVRY FINTECH NORWAY AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/09/2/360/567/562_65b494d1-53b1-4c6c-8ac1-6300f73c7c45.png)
Senior Software Engineer – Financial Crime Prevention, Tietoevry Banking (m/f/d)
TIETOEVRY FINTECH NORWAY AS
![Leirvik AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/26/9/358/831/639_d5427d6d-a674-4d17-ac09-6ced8df01699.jpg)
![Havforskningsinstituttet logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/19372876/iad_2056185847361461437hi-logo-farger-norsk-2018.png)
![IMENCO FUTURE TECHNOLOGIES AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/17/9/361/576/689_0d5070cb-cc32-4d7a-9df3-d7567dccf2ac.png)