Inaktiv
Byggdriftar 2.gongs utlysning
Om oss
- Frist 11.08.2024
- Ansettelsesform Fast
Eigedom søkjer byggdriftar med relevant fagbrev, er det deg?
Byggdriftar 2.gongs utlysning
Om stillinga
Vaksdal kommune har investert i fleire nye barnehagar og skulebygg dei siste åra, samt eit nytt omsorgsbygg med moderne teknologi og avanserte tekniske anlegg som står klart i desse dagar. I tillegg har vi over lengre tid oppgradert eldre anlegg for digital overvaking.
Då ein av våre gode byggdriftar går av med pensjon, søkjer vi no etter ein etterkomarar og har ledig 1 stilling som fagarbeidar på avdeling for kommunalteknisk drift.
Som byggdriftar vil du jobbe med drift og vedlikehald av bygningar og tekniske anlegg. I dag inneber det elektronikk, teknikk og kontrollfunksjonar. Stillingen er ein del av eit drift- og vedlikehaldsteam i avdelinga.
Arbeidsoppgåver
- Drifte tekniske anlegg og SD-anlegg
- Drifte og vedlikehalde eigedomane planmessig og effektivt
- Følgje opp serviceavtalar og vere i kontakt med leverandørar om utstyr og materialar
- Følgje opp brannvernarbeid og FDV-dokumentasjon
- Følgje opp oppdrag i FDV-system, rapportere avvik og følgje opp HMS
- Andre oppgåver som vert tildelt
Vi tilbyr
- Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit utviklingsorientert og drivande miljø
- Vi er opptatt av innovasjon og er langt framme på digitalisering
- Vilkåra er konkurransedyktige, og utviklingsmoglegheitene er gode
- Du vil bli en del av eit positivt og dynamisk lag med fagleg dyktige og hyggelege kollegar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
Kvalifikasjonskrav
- Fagbrev som byggdriftar. Andre fagbrev innan bygg, elektro, VVS, automasjon kan bli vurdert
- Ynskjeleg med noko erfaring frå bygg og vedlikehaldsarbeid, samt erfaring med bygg automasjon
- Gode datakunnskapar og gjerne erfaring med FDV og SD-anlegg
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B, gjerne BE
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi ser for oss at
- Du er imøtekomande og god på samhandling
- Du er serviceinnstilt og kommuniserer godt med kollegaer og brukarar av eigedomane
- Du evner å jobbe målretta og sjølvstendig, du tar initiativ og er ansvarsbevisst
- Du ynskjer å bidra med kompetanse, engasjement og godt humør i laget
Om arbeidsgiveren
I Vaksdal kommune er vi opptekne av å ha framtida i sentrum. Vi tilbyr spanande moglegheiter for utvikling og karriere. Gjennom engasjement bidreg våre tilsetje kvar dag til at Vaksdal er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Vi er opptekne av innovasjon og er langt framme på digitalisering. Du finn oss sentralt, mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reisa hit med tog og bil.Vaksdal kommune ynskjer at arbeidsstaben skal spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn, hol i CV-en eller funksjonsevne. Nokon av Vaksdal kommune sine stillingar kan ha eigne helsekrav og fysiske krav. Etter offentlegheitsloven § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om søkjaren har bede om å ikkje stå på søkjarlista.Vaksdal kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Attestar og vitnemål må legggast ved søknaden. Høgare utdanning gjennomført utanfor Noreg må vere godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Godkjenninga må dokumenterast.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Driftsoperatør/vaktmester, Håndverker / Bygg/Anleggsleder
- FINN-kode 360679448
- Sist endret
Lignende annonser
Voss2 dager siden
Teknisk Leder
Voss5 dager siden
Betalt plassering
Fagoperatør kjemiprosess
Odda2 uker siden
Enkel søknad
Vegvokter / Fagarbeider
Nesttun4 uker siden
Kundebehandler
Voss5 dager siden
Hovedsikkerhetsvakt og leder for elsikkerhet
Voss3 uker siden
Lokførar
Voss1 uke siden
Enkel søknad
Butikkansatt
Voss2 dager siden
Kasseansvarlig 80-100%
Skulestadmo2 uker siden
Portør
Voss2 dager siden
Enkel søknad
Vaktmester
Nesttun2 uker siden