![ENIVEST AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/04/6/359/758/766_be144eab-b108-4f52-862b-98e541df3a56.jpg)
![](https://images.finncdn.no/dynamic/1280w/2022/4/vertical-5/27/2/e06/a38/40-/c60/0-1/1ec/-85/9d-/df0/45a/337/2b2_1734549479.jpg)
Kunderådgjevar Førde
Innovasjon Norge
- Frist 11.8.2024
- Ansettelsesform Fast
Hjelp gründarar på vegen vidare
Har du lyst til å vere ein sentral ressurs for norske gründerar som vil opp og fram?
Vekst- og Gründersenteret i Førde har ni tilsette. No har ein av våre tilsette fått nye utfordringar, og vi jaktar difor på hans etterfølgjar.
Vi er Gründersenteret i Innovasjon Norge og held til sentralt i Førde. Vi er ei gjeng engasjerte og dyktige folk som har som hovudoppgåve å hjelpe ulike gründerar å kome seg vidare til neste steg. Vi er kontaktpunktet for dei som har ei god idé og som enten ønskjer hjelp til finansiering gjennom lån eller tilskot, eller som vil lære meir om korleis ei idé kan utviklast vidare.
Det er ikkje alle som kontaktar oss som har ei idé som er utvikla nok til å få støtte til finansiering. Men ein av våre viktigaste oppgåver er å vere verdiskapande i alt vi gjer, og difor er vi også sparringpartnerar for dei som treng rådgiving om kor dei bør styre skuta vidare for å kunne kvalifisere seg til lån eller tilskot seinare.
Arbeidsoppgåver:
- Saksbehandling av søknader om lån og tilskot
- Sparring med kundar som har fått innvilga søknad om oppstartstilskot
- Bistå i gjennomføring av webinar/kurs for kundar
- Marknadsvurdering og økonomisk analyse, slik at kundar får så god rådgjeving som mogleg
Ein av dine mest grunnleggjande eigenskapar er at du ønskjer at folk skal lukkast. Du trivast når du kan spele andre gode, og veit kva det vil seie å vere kundeorientert. Du set pris på å vere ein del av eit team, men er også sjølvstendig og førebuande når det gjeld arbeidsoppgåver og ansvarsområde. Du er vand til å tilpasse kommunikasjonen din til ulike lyttarar, og er oppteken av korleis bodskap kan formidlast på ein god måte.
Hos oss jobbar alle stort sett med dei same typar oppgåver. Vi trur nemleg at gründerar får den beste hjelpa når vi kjenner både kjernen og breidda i oppgåver og område. Difor er det viktig for oss at du kjenner deg att i gleda av å jobbe fleksibelt og variert.
Din bakgrunn:
- Minimum bachelorgrad innan relevante fag som økonomi, analyse o.l.
- Erfaring med kunderådgjeving
- Kompetanse om forretningsutvikling
- God teknologisk forståing; vi vurderer 3000 teknologiidear i året og treng deg som kan vurdere nivåa og moglegheitene i desse
Kvifor arbeide i Innovasjon Norge? Stillinga vil gje deg moglegheit til å utvikle ditt nasjonale og internasjonale nettverk, både internt med kontor i alle landets fylke samt i over 20 land verda over. Vi er opptekne av fagleg utvikling, og har difor øyremerkt 40 timar kvart år som alle kan få bruke på å bli endå betre i faget sitt. Vi er ein dynamisk og innovativ organisasjon som har stort fokus på å leggje til rette for at alle skal få vere den dei er og vere gode i jobben sin. Vi har fleksitid, delvis heimekontor og svært gode pensjons- og forsikringsordningar.
Ta gjerne kontakt med oss dersom du ønskjer meir informasjon – ring avdelingsleiar Hjørdis Vik på telefon 938 90 188.
Søknadsfrist: 11. august.
Innovasjon Norge ynskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, perspektiv, alder, kjønn og livserfaringar. Mangfald er viktig for både arbeidsmiljøet vårt og jobben vi skal gjere. Vi oppmodar særleg personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en til å søkje. Kjenner du deg att i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i søknaden.
Innovasjon Norge vil kunne gjennomføre bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar for å verifisere dokument/opplysningar og vurdere tryggleiksrelaterte forhold. Aktuelle kandidatar vil motta ytterlegare informasjon om dette. Etter søknadsfristens utløp, vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste, jf. offentleglova § 25. Opplysningar om deg kan bli gjort offentlege sjølv om du har kome med ei grunngjeven anmodning om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje blir teken til følgje, vil vi varsle deg og du vil få høve til å trekke søknaden.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Hafstadvegen 23, 6800 Førde
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Bank, finans og forsikring, Konsulent og rådgivning, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Rådgivning, Saksbehandler, Økonomi og regnskap
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
innovasjon, økonomi, rådgiver, finansiering, oppstart
- FINN-kode 360926003
- Sist endret
Lignende annonser
![ENIVEST AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/04/6/359/758/766_be144eab-b108-4f52-862b-98e541df3a56.jpg)
![Manpower logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/01/3/359/466/253_995f8c2c-5999-4830-836f-f0e9d86291b9.jpg)
![Uloba - Independent Living Norge SA logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/08/5/360/419/455_994c9e5f-1409-4d21-aa16-8b2cb7030162.jpg)
![Enivest AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/12/4/360/990/514_22b5540e-194d-46f3-9af0-2e74c7c33301.png)
![Helse Førde logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/0/logo_hf_48202.png)
![SUNNFJORD RESTAURANTDRIFT AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/11/8/360/854/218_129b22f6-e810-4074-b840-8de1e787ca8b.png)
![Ecura Hjemmetjenester og BPA logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/22/7/358/303/657_1eab66cc-8e2f-4081-ae25-53677f9e75b4.png)
Har du litt ekstra tid i hverdagen og ønsker å hjelpe, se her:
Ecura Hjemmetjenester og BPA
![Ecura Hjemmetjenester og BPA logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/02/4/359/674/024_719d90c8-a6c0-43d7-86e0-a067d95d068d.png)
Ung og aktiv kvinne trenger assistenter i sitt BPA-team
Ecura Hjemmetjenester og BPA
![Sogn og Fjordane Energi logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/28/9/359/031/569_09ff242e-f46c-4dd4-9ef1-6bce1cbd5d08.jpg)
![Deloitte logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/21/3/358/136/813_8ea840b1-3000-49dc-b817-abf7e1192cda.jpg)
![Deloitte logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/21/4/358/135/754_14c8c70d-34d6-4449-aaa3-c387a058dfd8.jpg)