Seksjonsleiar
Helse Førde
- Frist 18.08.2024
- Ansettelsesform Fast
Seksjonsleiar Operasjon Førde
Avdeling for AIO har ledig ei spennande og utfordrande leiarstilling for operasjonsseksjonen. Har du lyst til å ta leiaransvar og bidra til å utvikle operasjonsseksjonen vidare?
Vi søkjer etter ein nytenkjande, framtidsretta og løysingsorientert seksjonsleiar, som med sin veremåte bidrar til eit positivt og godt arbeidsmiljø. Du er engasjert, opptatt av leiarskap, tar ansvar og samarbeider godt både internt og eksternt.Seksjonsleiar må bidra til å forvalte ressursane til det beste for pasientane, Avdeling AIO og føretaket. Dagens samfunn er i hurtig endring, og vi må innan alle område tilpasse/endre oss for å møte framtida - vi skal vere framtidsretta og innovative.
Avdeling for AIO er organisert i 6 seksjonar - anestesi, intensiv, operasjon, dagkirurgi, sterilsentral og anestesilegar. Operasjonsseksjonen har 30 stillingar inkludert seksjonsleiar og fagutviklar. Alle operasjonssjukepleiarane er vaktkompetente med aktivitet innan fagområda ortopedi, gastro-/endokrin-/proktologi-/plastikk-kirurgi, urologi, Ønh og gynekologi. Seksjonen har fagansvarlege innan fleire av fagområda
Vi deltek i traume- og stansteam og har vaktberedskap på augeoperasjonar.
Hausten 2024 flyttar vi inn i ny, moderne operasjonsavdeling med 10 operasjonsstover. Det er lagt vekt på smarte og effektive løysingar som skal fremje god pasient- og utstyrsflyt, samt eit godt arbeidsmiljø.
Seksjonsleiar vil ha ei viktig oppgåve med å forbetre og fornye arbeidsprosessar i samarbeid med brukarane og dei andre seksjonane i avdelinga. Det er forventa at ny operasjonsavdeling skal bidra til å effektivisere drifta.
Tryggleik, kvalitet og kompetanse i ei høgteknologisk avdeling er vårt fokus i møte med pasienten. Godt samarbeid/kommunikasjon med alle brukarar av operasjonsavdelinga og støttepersonell er avgjerande for å få gode pasientløyper/gode helsetenester.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for god og sikker drift av operasjonsseksjonen
- Økonomi, fag, personal- og resultatansvar for heile seksjonen
- Ansvar for kompetansekartlegging, rett fagleg utvikling av dei tilsette og å leggje til rette for forsking
- Ansvar for god ressursstyring, sikre fagleg forsvarlege tenester, pasienttryggleik og kvalitet/internkontroll i seksjonen
- Delta i tenesteutvikling, spesielt som følge av arbeidet med Nye Førde sjukehus
- Delta i regionale og nasjonale utval
- Mål og handlingsplanar innanfor gjeldande rammer og strategiar
- Tett samarbeid med dei andre seksjonane i avdelinga, samt andre avdelingar i Helse Førde.
- Aktiv deltaking i leiargruppa med eit overordna perspektiv på avdelinga sine oppgåver og utvikling
Kvalifikasjonar
- Relevant helsefagleg utdanning, fortrinnsvis operasjonssjukepleiar
- Særskilt relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
- Relevant leiararutdanning og/eller -erfaring
- Det er ønskjeleg med erfaring frå prosjekt- og endringsarbeid, samt med leiing og utvikling av team
- Det er ønskjeleg med erfaring frå samarbeid på tvers av både yrkesgrupper og avdelingar
- Gode evner til saksførebuing og skriftleg framstillingsevne
- God kjennskap til turnus- og arbeidstidsplanlegging
Personlege eigenskapar
- Evne til å gjere andre gode, er engasjert og engasjerer andre
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet, leiing og kvalitet for pasientane våre
- Du er tydeleg og strukturert som leiar, og har ein inkluderande leiarstil
- Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Gode samarbeidsevner
- Nytenkjande, framtidsretta og løysingsorientert
- God i formidling
- Bidrar til å skape eit godt, trygt og lærande arbeidsmiljø
- Lojal mot overordna mål og styringssignal i avdelinga/føretaket
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Bli del av avdelinga si leiargruppe
- Nye og moderne arbeidslokaler og eit fagfelt i utvikling
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Leder, Leiar, Helsefag, Økonomi, Personal
- FINN-kode 360942997
- Sist endret