![Mio BPA logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/26/6/358/801/816_282cc795-e7f3-4bda-a60d-8bc20129510f.png)
![Vestnes kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2024/7/vertical-0/15/7/361/290/797_b3964c3f-d1a5-4714-9f36-e095d81ba7aa.jpg)
Sakshandsamar
Vestnes kommune
- Frist 15.08.2024
- Ansettelsesform Fast
Ei sentral stilling som sakshandsamar innan kommunen sine helse- og omsorgstenester
Ønskjer du å vere med å sikre gode helsetilbod for våre innbyggjarar?
Då ønskjer vi å høyre frå deg!
I Vestnes kommune søkjer vi no etter ein engasjert sakshandsamar innan helse- og omsorgstenestene våre. Som sakshandsamar vil du ha ei sentral rolle i å sikre at våre innbyggjarar får dei beste helse- og omsorgstenestene. Du vil få ei unik moglegheit til å bidra til god kartlegging, utgreiing og saksbehandling av tenestebehovet innan helse og omsorg for våre innbyggjarar.
Nokre av dine arbeidsoppgåver vil vere:
-
Sikre pasient- og brukarrettigheiter i sakshandsamingsprosessen.
-
Saksframstilling av vedtak og bestille tenester frå utførareiningar for å sikre innbyggars sitt behov.
-
Ha oversikt over behov og tilgang til tenester innan fagområdet, og gi råd og rettleiing til søkjarar, pårørande, kollegaer og samarbeidspartnarar.
-
Sikre samarbeid med relevante aktørar i sakshandsamingsprosessen og delta på samarbeidsarenaer.
-
Samhandle med helseføretaka knytt til utskrivingsklare pasientar.
Vi ser for oss at du er ein sjølvstendig og tillitsbyggjande person, som kan skape gode relasjonar med våre brukarar, pårørande og andre interessentar. Du bør vere trygg i krevjande arbeidssituasjonar, både med tanke på saksmengde og sakskompleksitet.
Vi ser videre for oss at du har ein helsefaglig bakgrunn og innehar gode digitale ferdigheiter. Det er heilt nødvendig at du kommuniserer godt på norsk, både munnleg og skriftleg, og at du har førarkort klasse B.
Dersom du kunne tenkje deg å være med på å skape et bedre tilbod for våre innbyggjarar, så ønskjer vi å motta si søknad før søknadsfristen. Send inn dine søknadsdokument (CV, søknad, vitnemål og attester) via rekrutteringssystemet. Det er berre søknader som er sendt gjennom vårt elektroniske søknadssytem som blir tekne i betrakning.
Har du spørsmål om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med våre rekrutteringspartnarar i Assessit.
Søknadsfrist: 15.august
Vi gjer merksam på at det blir utarbeidd offentleg og utvida søkjarliste. Du kan søkje om unntak frå oppføring på den offentlege søkjerlista, men det må liggje føre særskilde omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova §25. Vi gjer merksam på at kandidatar som har fått søknad om unntak frå offentlegheit likevel kan få namnet sitt offentleggjort, sjølv om Vestnes kommune i første instans har gitt unntak frå den offentlege søkjarlista.
Om arbeidsgiveren
Vestnes har eit rikt og variert organisasjons- og kulturliv og har mykje å by for den som er interessert i friluftsliv og natur.
Vestnes kommune er ein arbeidsgjevar som er «midt i blinken» for tilsette som vil arbeide i ein fremtidsretta og utviklingsorientert organisasjon. Saman skal vi utvikle betre tenester som er enkle å bruke. Kommunen har fokus på å nytte digitale verktøy og deltek i det interkommunale samarbeidet ROR-IKT.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Brugata 10, 6390 Vestnes
- Bransje: Helse og omsorg, Juridiske tjenester, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Saksbehandler, Helsepersonell, Koordinering
Nøkkelord
Helse og omsorg, Saksbehandler, Offentlig saksbehandling, Helseadministrasjon
(1/3)
- FINN-kode 361290797
- Sist endret
Lignende annonser
![Mio BPA logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/26/6/358/801/816_282cc795-e7f3-4bda-a60d-8bc20129510f.png)
![Vestnes kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/12/7/360/919/587_0f339e94-61ca-4402-89d1-f01249670110.jpg)
![Tresfjord friskule SA (Tresfjord EnSpire skule) logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/2/vertical-0/26/4/341/756/704_268444623.jpg)
![Bauta Group logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/20/2/358/099/802_62384975-cf12-4cdd-8b07-4b1eebbe122f.png)
![Ovun AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/11/5/360/793/765_b90326ac-e627-4704-aef8-c51f8beb9d8c.jpg)
![WENAAS WORKWEAR AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/12/6/360/960/256_0674f547-421b-4d84-9f3f-bec8cbff83a9.jpg)
![https://isi.no/ logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/04/8/359/889/388_7eebcce5-815a-4381-b834-ad56506da06f.jpg)
![HD Hyundai Infracore Norway AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/24/1/358/543/771_0575a15f-d071-459e-9a09-ebdcd3d34e50.jpg)
![NOR-LOG AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/24/1/358/634/001_43953672-e429-45db-854e-93b368c18b76.png)
![Personalhuset logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/04/1/359/860/061_66a9ea15-a7a2-4f68-93f5-be827dfac581.jpg)
![Høgskolen i Molde logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/28/9/359/027/949_dc5d97b6-112f-41a2-a8b6-8c5114ed929b.jpg)
![Sula kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/14/8/357/203/128_daab943d-61bf-4dc2-9f0a-57b070aef11e.jpg)