Rektor

Arbeidsgiver
Herøy kommune, kultur og oppvekst
Stillingstittel
Rektor Ytre Herøy ungdomsskule
Frist
13.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du ein samlande og tydeleg leiar med fleire års erfaring frå grunnskulen?

Ytre Herøy ungdomsskule, med sine vel 30 tilsette og 250 elevar, treng ny rektor. Skulen ligg sentralt på Bergsøya – midt i eit pulserande område med kulturhus, badeland, idrettsanlegg, vidaregåande skule, barnehagar, barneskule med meir.

Som rektor vil du leie eit målretta utviklingsarbeid for å fremje læring og trivsel, saman med dyktige tilsette. Kompetansenivået på skulen er høgt, og samhaldet er sterkt. Skulen er i år tildelt arbeidsmiljøprisen i kommunen.

Stillinga er ledig frå 1. oktober – og det kan vere mogleg å begynne tidlegare.



Arbeidsoppgåver

  • leie skulen slik at det fremjar gode arbeids- og læringsmiljø for elevar og tilsette
  • økonomistyring
  • personalleiing
  • HMS og internkontroll
  • dagleg drift
  • pedagogisk utviklingsarbeid

Kvalifikasjonar

  • høgare utdanning innan pedagogikk, gjerne også leiing
  • fleire års erfaring frå grunnskulen, både som lærar og leiar
  • erfaring med å leie utviklingsarbeid
  • tydeleg munnleg og skriftleg kommunikasjon på norsk, internt og eksternt
  • god digital kompetanse
  • god økonomiforståing

Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.

Godkjent politiattest må leggast fram før tilsetting.

Personlege eigenskapar

  • er god på relasjonsleiing
  • er god på samhandling, men er også sjølvstendig
  • har eit positivt og reflektert elevsyn
  • ser verdien av tverrfagleg samhandling rundt eleven
  • er ein samlande og tydeleg leiar
  • er fleksibel og kan gå inn i ulike oppgåver, som til dømes vikar
  • er systematisk og effektiv
  • har engasjement for å sikre elevar og tilsette eit godt arbeids- og læringsmiljø

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og referansar, i tillegg til den formelle kompetansen.

Vi tilbyr

  • ei variert og utviklande stilling, med stor breidde i arbeidsoppgåver internt og eksternt
  • eit støttande leiarfellesskap med høve til læring og utvikling
  • IA-bedrift og ein arbeidsgivar med fokus på kvalitet og trivsel
  • hode pensjons- og forsikringsordningar

Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkjarlista kan verte offentleg. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

Kontaktinformasjon

Hilde Hestås, Avdelingsleiar grunnskule/PPT, +47 97542422

Arbeidsstad

Lisjebøvegen 14

6091 Fosnavåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune



Referansenr.: 4838720896

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 13.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Lisjebøvegen 14, 6091 Fosnavåg
Stillingsfunksjon
Ledelse
FINN-kode
361417838
Sist endret
16. juli 2024 09:08