Sjukepleiar 100% fast
Øygarden kommune -
- Frist 16.08.2024
- Ansettelsesform Fast
Straume bu- og servicesenter
Er du sjukepleiar og vil jobbe i eit triveleg og godt arbeidsmiljø med spanande oppgåver?
Straume bu og servicesenter er eit unikt og levande senter lokalisert sentralt på Straume. Vi har ei flott personalgruppe som saman gjer sitt beste for at våre bebuarar skal få vere aktiv, oppleve tryggleik og meistring. På senteret jobbar det sjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, helsefagarbeidarar, miljøterapeutar og assistentar.
Senteret inneheld tre bufellesskap, ei dagavdeling og 28 omsorgsbustader. Det er no ledig 100% fast stilling som sjukepleiar i omsorgsbustadane.
Er du nyutdanna sjukepleiar er du velkomen til å søkje. Du vil få god opplæring.
Arbeidsoppgåver:- Sjukepleiefaglege oppgåver
- Ivareta brukars individuelle behov
- Du bidrar til et godt og engasjerande arbeidsmiljø
- Rettleiing av studentar, lærlingar og andre nytilsette
- Du bidrar med fagleg autoritet og varme
Må ha:
- Autorisert sjukepleiar
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
- Gyldig politiattest.
Ønskjeleg med:
- Erfaring frå heimetenesta eller anna arbeid med eldre
Personlege eigenskapar:
- Du er fagleg engasjert og trygg i rolla som sjukepleiar
- Du har gode samarbeidsevner, og kan jobbe både sjølvstendig og i team
- Du er stabil, påliteleg og ansvarleg
- Du bidrar positivt, har godt humør og trivst med varierte oppgåver
- Du evner å takle hektiske arbeidsdagar når det er naudsynt
- Du er løysingsorientert og likar nye utfrodringar.
- Du engasjerer deg, er positiv i møte med brukarar og pårørande
- Egna personlegdom vert vektlagt
Anna:
- Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.
- Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus på natt får eit ubekvemstillegg på kr 40.000,- ( justert etter st. %)
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Støttande leiarskap og godt arbeidsmiljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Gode bussforbindingar og gratis parkering
- Høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Ingen krav til eigenkapital og opptil 100% finansiering av eigen bustad: Startlån
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Om arbeidsgiveren
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Blombakkane 3, 5354 Straume
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier / Eldreomsorg, Sykepleier, Sykepleier
Nøkkelord
Sjukepleiar, sykepleier, sjukeheim, sykehjem, helsepersonell
- FINN-kode 361592770
- Sist endret
Lignende annonser
![Øygarden kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/08/6/359/860/856_afe6192e-50d3-4b10-ae6d-16f40559db16.png)
![Øygarden kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/08/9/359/860/849_50ed8c30-1366-4259-80c4-19ac0bf44512.png)
![Askøy kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/21/7/358/171/137_e385ede8-26eb-45ae-a4af-9167b00d1fc5.jpg)
![Bergen kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-1/10/9/360/701/089_2534753c-b0b8-4f07-bcd2-99b9a3af5f3f.jpg)
![Helse Bergen logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/413162945/iad_178711011333537950611-12-2012_09-31-30.png)
![Askøy kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/26/7/358/803/137_30fdf3ad-f725-48b5-a51c-b5963cc034a5.jpg)
![Askøy kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/21/4/357/890/484_90955870-b9bd-4376-a7d7-730d01ab575a.png)
![Askøy kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/18/2/357/779/332_e6dc6967-88e6-4be7-ba69-a2046906f1d8.png)
![Bergen kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1864419277/iad_838681504734239904bergenkomm.png)
![Askøy kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/19/1/357/777/511_6932e46a-0e76-4987-8c49-7cfec866178e.jpg)