![StudentConsulting logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/16/0/361/414/450_0947836e-7534-4414-84e8-1264451fdc6a.png)
![Skjåk kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2024/7/vertical-0/18/9/361/702/829_a3b031f4-1700-4f93-b2a5-3f22b63a756a.jpg)
Vaktmester
Skjåk kommune
- Frist 18.8.2024
- Ansettelsesform Fast
100% stilling som vaktmeister/byggdriftar
Skjåk kommune har ledig 100% fast stilling som vaktmeister/byggdriftar frå oktober 2024. Vi ser etter deg med allsidig handverksbakgrunn som ynskjer ein variert og utfordrande arbeidskvardag.
Om stillinga
Som vaktmeister/byggdriftar vil du ha ansvar for dagleg drift og vedlikehald av kommunale bygg og eigedomar. Du vil arbeide både sjølvstendig og i team, og du vil bidra til å sikre at våre bygg og uteområde er funksjonelle og trygge for brukarar.
Arbeidsoppgåver
- Tilsyn og enkle reparasjonar av bygg og tekniske anlegg
- Brannvern- og sikringstiltak
- Oppfølging av mindre prosjekt og oppgåver knytt til vedlikehald
- Bidra til å sikre eit godt inne- og utemiljø for brukarar
- Styring og overvåking av teknisk anlegg manuelt/SD anlegg
- Søkeljos på energiforbruk og ENØK-optimalisering
- Internkontroll i FDVU system, (forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling)
Som tilsett i teknisk drift kan du bli spurt om å delta i vaktordninga for teknisk vakt.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev eller relevant allsidig erfaring innan byggdrift, tømrarfag, elektrikar, rørleggjar eller andre handverksfag
- Gode praktiske ferdigheiter og erfaring med vedlikehald og reparasjonar
- Gode digitale ferdigheiter og kjennskap til bruk av IKT-baserte system
- Førarkort klasse B
- Gode norskferdigheiter, både munnleg og skriftleg
- Godkjent politiattest
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig, strukturert og påliteleg
- Gode samarbeidsevner og ei positiv haldning
- Evne til å løyse problem og ta initiativ
- Fleksibel og tilpassingsdyktig
Vi tilbyr
- Ein variert arbeidskvardag med utfordrande og spanande oppgåver
- Moglegheit for fagleg utvikling og kurs
- Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
- Gode ordningar knytt til pensjon og forsikring
Arbeidet kan vere fysisk belastande.
Spørsmål kan rettast til tenesteleiar teknisk drift, Bernt Dahl, mobil 45 31 33 01 / bernt.dahl@skjaak.kommune.no
Ynskjer du å bu og jobbe i ei fjellbygd med gode arbeidsplassar og fritidsmoglegheiter? Har du spørsmål, ta kontakt med kommunen eller gå inn på lenka for meir informasjon:
https://www.skjaak.kommune.no/tenester/plan-byggsak-brann-tekniske-tenester-veg/bu-i-skjak/
For meir informasjon om kommunen sjå: https://www.skjak.no/
Søknadsfrist 18. august
- Elektronisk søknadsskjema
- Søkjarlista vil bli offentleggjort. I samsvar med offentleglova § 25 kan søkjarar be om unntak frå å bli oppførte på søkjarlista. Dersom unntak ikkje blir imøtekome, vil søkjaren bli varsla om dette før offentleggjering.
Kommunedirektøren
Om arbeidsgiveren
Skjåk kommune er ein spennande fjellkommune som ligg øvst i Gudbrandsdalen. Kommunen har ca 2200 innbyggarar med kommunesenteret i Bismo. I Skjåk er det eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Ny barne- og ungdomsskule, barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsanlegg, kulturskule, bibliotek, skianlegg og mykje meir. Industri, landbruk og handverksbedrifter tilbyr moderne og tradisjonsrike produkt. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover. I Skjåk har vi ein køfri kvardag med tilgang til fantastiske natur- og fritidsaktivitetar. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev moglegheiter for varierte naturopplevingar. Her kan du dyrke aktivitetar som fotturar, sykling, elvepadling, juving, toppturar på ski, fiske og jakt.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Moavegen 30, 2690 Skjåk
- Bransje: Bygg og anlegg, Drift og vedlikeholdstjenester
- Stillingsfunksjon: Driftsoperatør/vaktmester
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
vaktmester, teknisk, vedlikehold, byggdrifter
- FINN-kode 361702829
- Sist endret
Lignende annonser
![StudentConsulting logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/16/0/361/414/450_0947836e-7534-4414-84e8-1264451fdc6a.png)
![Inter Revisor AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/11/0/356/862/320_49d551cb-0aaa-4014-be97-3460eac692a8.jpg)
![Volue logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/21/7/358/175/437_33ca0642-415b-4e3d-bd19-650075d91d50.png)
![Temp-Team avd. Oslo logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/28/5/359/064/875_efc2d8c2-4279-46da-87f8-0398dd0d9192.jpg)
![Capgemini Norge AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1985911817/iad_2192031054344741444capgemini_logo_2col_cmyk__002_.png)
![Engineering Consultants Norway AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-1/10/8/356/196/318_ec975c56-a760-4ecc-a9be-c24536c362f0.png)
![APEX IT AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/18/5/357/815/455_3875e986-7f2e-4b78-bc26-1ea734b5ddd5.png)
![Bø kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/18/5/357/745/075_cb84284d-8635-4248-861b-f080fdc67b3f.png)