![Nordic Care AS avd. Nordic Care - Bergen logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/17/0/361/549/420_454631ae-4987-4408-8a49-15a2361022b1.jpg)
![Lærdal kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2024/7/vertical-0/18/9/361/767/279_0559ff7c-6383-415d-b817-42891a29d0be.png)
Ledig fastlegestilling i Lærdal kommune
Lærdal kommune
- Frist 31.8.2024
- Ansettelsesform Fast
Me søkjer etter kandidat som har gjennomført LIS1-teneste, ALIS, eller spesialist i allmennmedisin.
Lærdal helsesenter er kommunalt drive, og har tre fastlegar og ei stilling som LIS1. Kontoret har totalt omlag 2200 fastlegepasientar.
Legekontoret er godt utrusta med akuttmedisinsk utstyr, velutrusta skiftestove/ akuttrom, laboratorium med god kvalitetskontroll.
Godt utstyrt, uniformert legebil for daglegevakta.
Journalsystemet som blir brukt er CGM WinMed.
Alle tre legene ved kontoret i dag har grunnløn, samt inntjening etter utdanning
Legekontoret er samlokalisert med helsestasjon, kommunepsykolog, fysioterapi, ergoterapeut og frisklivssentral.
I tillegg til kurativ legeverksemd blir det drive førebyggjande helsearbeid, smittevern, helsestasjon og skulehelseteneste. Tilsyn med sjukeheim og visittgang på interkommunal KAD eining.
Lærdal kommune er vertskommune for Årdal, Lærdal og Aurland interkommunale legevakt, men har sjølv ansvaret for daglegevakt for Lærdal kommune på kvardagar kl.08.00 – 15.30.
Legevakta er lokalisert på Lærdal sjukehus i Lærdal kommune. Legevakta er samlokalisert med legevaktsentralen for Indre Sogn, og vegg i vegg med ambulansestasjonen. Sjukehuset har Indremedisinsk sengepost, Elektiv ortopedisk kirurgi, skadepoliklinikk med ortoped i vakt og beredskapsteam (MAT team) som kan bistå legevakt.
Vaktbelastninga er 12 delt med vakt kvar sjette helg. LIS1 kjem i tillegg.
Lærdal kommune er godkjend som utdanningstad for Allmennmedisin.
Ein LIS 3 kandidat kjem inn under avtale med ALIS vest.
Arbeidsoppgåver knytta til fastlegetenesta:
- Kurativ verksemd
- Daglegevakt
- Deltaking i interkommunal legevakt
- Kommunale oppgåver: Helsestasjon, skulehelseteneste, tilsyn med sjukeheim og visittgang ved KAD.
Ønska kvalifikasjonar:
- Medisinsk embetseksamen og norsk autorisasjon.
- Spesialist i allmennmedisin eller kandidat under utdanning gjennom ALIS, evt. gjennomført LIS1-teneste.
- Kjennskap til og gjerne erfaring frå offentleg forvaltning og helsearbeid.
- Norskkunnskapar tilsvarande B2 eller betre, og gode munnlege og skriftlege kommunikasjons- og framstillingsevner.
- Evne og vilje til tverrfagleg samarbeid.
- God erfaring med digitale verktøy
- Søkar må ha førarkort klasse B
Vi legg særleg vekt på at du har dei personlege eigenskapane vi ønskjer, at du har gode samarbeidsevner og kan arbeida i team, er interessert i utvikling på fagområdet, er relasjonsorientert og endringsvillig.
Vi tilbyr:
- Lønn etter avtale
- Godkjent utdanningsinstitusjon for LIS1, ALIS og godkjent rettleiar
- Spennande utviklingsoppgåver i eit godt og tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- Gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
- Konkurransedyktig pensjonsordning i KLP
- Gruppe- og ulykkesforsikring
- Hjelp til å skaffe bustad
Vilkår elles etter gjeldande avtalar mellom KS og Legeforeningen.
Særskilde krav:
Det blir stilt krav om politiattest ved tiltreding
Om arbeidsgiveren
Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn med trøkk, tru og fokus på vekst og utvikling.I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen.
Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv.
Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Øyraplassen 7, 6886 Lærdal
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Lege / Allmennmedisin
- Arbeidsspråk: Norsk
- FINN-kode 361767279
- Sist endret
Lignende annonser
![Nordic Care AS avd. Nordic Care - Bergen logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/17/0/361/549/420_454631ae-4987-4408-8a49-15a2361022b1.jpg)
![Solli DPS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/03/4/359/726/524_b8641537-ddd6-494d-bc62-a1a54cecb676.jpg)
![Optera AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/03/0/355/588/710_13d89ed7-fadc-40b7-9c08-611f7b9f679b.png)
![Helse Bergen logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/413162945/iad_178711011333537950611-12-2012_09-31-30.png)
Legevaktlege kombinert med fastlege i nordsjøturnus
Bjørnafjorden kommune Legevakt og legetenester
![Nordic Care AS avd. Nordic Care - Bergen logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/17/6/361/546/896_148905ee-874c-4a47-9341-59e7d292c22a.jpg)
![Bilfinger Engineering & Maintenance Nordics AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/393231177/iad_6233642328717845378bilfinger_brand_ver_cmyk.png)
![Helse Bergen logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/413162945/iad_178711011333537950611-12-2012_09-31-30.png)
Spesialsjukepleiar til 100% stilling ved KRS, med moglegheiter for langvakter kvar 4. helg
Helse Bergen
![Helse Bergen logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/10/2/360/648/622_18585395-f3b8-4ab1-8838-9bfaf745654c.jpg)
Assisterande seksjonsleiar ved Thoraxkirurgisk intensiv og oppvakingsseksjon (TIO)
Helse Bergen
![Randstad Care logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-1/17/4/356/802/124_b06ca3ea-34e0-40e1-bf4b-9a691eb71f8d.png)