Driftsteknikar
Forsvarsbygg
- Frist 12.08.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du vera driftsteknikar på ein spennande arbeidsplass?
Forsvarsbygg er Noreg sin største eigedomsforvaltar. Gjennom vårt unike nettverk og kompetanse sikrar vi leveransar over heile landet, og vi har som oppgåve å forvalte, bevare og utvikle forsvarsverka, og føre desse inn i ei ny tid og utvikle dei til attraktive arenaer for kultur, opplevingar og gjere dei tilgjengelig for alle.
Til utfordrande og varierte oppgåver i Forsvarsbygg søker vi etter ein ny driftsteknikar for å drifte tekniske anlegg og installasjonar på 330 skvadron, Florø lufthavn. Vi tilbyr spennande moglegheiter for deg som er serviceinnstilt og arbeidsam.
Stillinga inneber varierte drifts- og vedlikehaldsoppgåver i vår bygningmasse, og som driftsteknikar er du kontaktledd ovanfor leigetakar sine brukarar av eigedomane. Du skal sørge for at brukarane sine behov for tilfredsstillande løysingar innan eigedom, bygg og anlegg blir tatt vare på. Stillinga rapporterer til områdeleiar.
Noko reiseverksemd må påreknast.
Les mer om Forsvarsbygg på forsvarsbygg.no/jobb
Arbeidsoppgåver
- Utføre oppgåver innan tilsyn, service, internkontroll, drift og vedlikehald av bygningar, anlegg og tekniske installasjonar
- Følge opp og utføre driftstiltak i arenaen sin eigedom-, bygg-, og anleggsportefølje i samsvar med driftsplan
- Følge opp eksterne leverandørar og leveransar i våre bygg, vera Forsvarsbyggs kontaktperson utetter
- Delta ved montering/testing/idriftsetting av nye tekniske anlegg i eksisterande og nye bygningskomponentar
- Bidra med råd og innspel til produksjons- og vedlikehaldsplanar
- Delta i tverrfagleg samarbeid
- Andre oppgåver kan bli pålagd etter anvisning frå leiar
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som har gode samarbeidsevner, er kundeorientert og serviceinnstilt. Du må vera ansvarsmedviten og pliktoppfyllande og du har god orden gjennom å jobba strukturert og ryddig. Du må kunna jobba sjølvstendig, vera fagorientert og samtididig bidra i tverrfagleg team. Du har eit ønske om å vidareutvikla og tenkja nytt innfor fagområdet. Du er ein pådrivar og har gjennomføringsevne. Du har gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg.
Kvalifikasjonar
- Du må ha relevant fagbrev innen elektro, rør, eller byggdrift, relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning
- Du har grunnleggande ferdigheiter og interesse for bruk av dataverktøy
- Du må beherske norsk munnleg og skriftleg
- Du har førarkort klasse B/BE
- Du må kunne tryggingsklarerast for nivå Hemmeleg/NATO Secret
Ønskeleg
- Ønskeleg med erfaring innan ventilasjon
- Ønskeleg med erfaring innan kjøling
- Ønskeleg med erfaring frå drift av flyplass
- Ønskeleg med erfaring frå drift og vedlikehald av EBA
- Ønskeleg med erfaring med bruk av SD anlegg
Vi tilbyr
I Forsvarsbygg vil du få ein spennande og variert arbeidskvardag med eit meiningsfullt samfunnsoppdrag der du vil bidra til å bygge forsvarsevne kvar dag. Vi satsar på medarbeidarane våre, vi tilbyr kursing, etter- og vidareutdanning og vi har etablert vår eigen prosjektleiarutdanning. Vi har ein familievennleg og fleksibel personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar. Du vil også få tilgang til treningsrom og bedriftsidrettslag med varierte aktivitetar. Som tilsett hos oss får du medlemskap i Statens pensjonskasse som har ein av dei beste pensjonsordningane i landet med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar.
Andre opplysninger
- Stillinga blir lønna som driftsteknikar (kode 1136) frå kr.565 900,- til kr. 594 500,- (lønnstrinn 58-61). Endeleg lønnsplassering vil bli gjort etter ei vurdering av kvalifikasjonar
- Vi ber om at du lastar opp vitnemål og karakterutskrift i søknaden din
- Vi oppfordrar kvinner til å søke
- Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter søknadsfristen har gått ut. Dersom du ber om å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste må du grunngi dette. Du blir varsla om reservasjonen ikkje blir tatt til følge
Om arbeidsgiveren
Sidan festningane si tid har operative og funksjonsdyktige bygningar og anlegg vore avgjerande for Noreg si forsvarsevne. Det er Forsvarsbygg sitt ansvar å bygge denne forsvarsevna. Vi utviklar, bygger, driv og avhendar bygningar, anlegg og eigedom for forsvarssektoren. Vi er Noreg si største offentlege eigedomsaktør, ein attraktiv arbeidsgjevar med leiande fagkompetanse innan bygg og eigedom, og ei rekkje tilknytte fagområde.
Forsvarsbygg har ansvaret for over 12 000 bygningar og anlegg over heile landet, og har til ei kvar tid ansvaret for om lag 300 aktive investeringsprosjekt. Eigedomsparteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særegne og krevjande bygningane i landet, frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for allmennheten, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Forsvarsbygg har hovudkontor i Oslo med lokalitetar over heile landet.
Forsvarsbygg er ein etat i forsvarssektoren og underlagt Forsvarsdepartementet. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.
- Sektor: Offentlig
- Sted: 6906 Florø
- Bransje: Bygg og anlegg, Drift og vedlikeholdstjenester, Forsvar og militær
- Stillingsfunksjon: Driftsoperatør/vaktmester, Håndverker / Elektriker, Teknisk service
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Driftstekniker, Drift, Vedlikehold, Vaktmester, Kundekontakt
- FINN-kode 362024250
- Sist endret