Produksjonsleder
Bane NOR SF
- Frist 19.08.2024
- Ansettelsesform Fast
Produksjonsleder
Bane NOR søkjer ein engasjert produksjonsleiar - er du den me leitar etter?
Me ser etter ein proaktiv person som trivst i ei leiarrolle, er flink til å byggja relasjonar, og verdset betydninga av eit godt samarbeid mellom leiinga og tillitsvalde. Er det deg eller nokon du kjenner? Me ser primært etter deg som har erfaring som leiar i ein operativ organisasjon, og som har forretnings- og økonomiforståing. Viss du i tillegg har høgare utdanning spesielt innan leiing, vil det vera ein fordel. Eventuell relevant realkompetanse og erfaring kan kompensera for utdanningskravet. Du vil inngå i avdelinga vår på Voss.
Du er proaktiv og ein lagspelar som har evna til å leia ei operativ avdeling. Du trivst med varierte arbeidsoppgåver og kan jobba både sjølvstendig og i team. Du set deg klare mål og blir motivert av å oppnå gode resultat. Gjennom god kommunikasjon og samarbeid er du medviten rolla di som leiar. Som produksjonsleiar er du sentral i rolla for produksjon på strekninga.
Du jobbar tett med driftsleiaren, andre produksjonsleiarar og planleggjarane til strekninga, og tek sjølvstendig styring i utpeika prosjekt og arbeid. Du er ein dyktig leiar som vil ha personalansvar for kompetente fagarbeidarar. Du er målretta, og sørgjer for god gjennomføring i heile verdikjeda, frå planlegging til evaluering av gjennomført arbeid.
Kva kan me tilby deg?
Me er ein organisasjon i vekst. Viktigheita av oppgåvene våre vil prega arbeidsmiljøet rundt deg, med flinke folk som brenn for det dei jobbar med. Me set fagleg utvikling høgt, med interne kompetansebyggjande moglegheiter for våre tilsette. Du får arbeidsforhold for tida me lever i - med fleksibel arbeidstid og du vil bli inkludert i eit sosialt miljø med m.a bedriftsidrettslag, sosiale og faglege arrangement. Blant tilsettgoda finn du svært gode pensjons- og forsikringsordningar, og sjølvsagd personalbillett med Go Ahead, SJ Nord og VY toga sine. Me har også:
- Høve til å jobba noko heimanfrå
- Permisjonsordninger som møter behovet ditt
- God seniorpolitikk
- Vi er også oppteken av work-life-balance - for me trur at du fungerer betre på jobb om du fungerer godt privat.
Arbeidsoppgåver
- Leiaransvar med personalansvar
- Sørge for god utnytting av ressursar, m.a. turnusplanlegging
- Leie produksjon og sikre effektiv planlegging
- HMS-ansvar og oppfølging
- Kurs- og kompetansestyring
- Økonomioppfølging
- Analyser, rapportering og oppfølging av drifta
- Stedfortreder for driftsleiar
- Noko reiseverksemd må påreknast
Dette trur me du treng for å lykkast og trivast
- Høgare utdanning på bachelornivå/teknisk utdanning (ingeniør, teknisk fagskule eller liknande)
- Relevant realkompetanse kan kompensera for utdanningskravet
- Leiingserfaring med organisasjonar i endring er ein fordel
- Erfaring med arbeidsleiing og prosjektgjennomføring
Kjekt å vita
Ser du noko du ikkje kan? Ta det heilt med ro - me skal sikra at du får ei god opplæring! Me oppmodar deg til å søkja stillinga om ho er interessant, og om du har lyst til å læra noko nytt.
Me meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me ønskjer oss kollegaer med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Det er viktig for oss at medarbeidarane våre identifiserer seg med våre verdiar som er open, respektfull, engasjerte og nytenkjande. Kva betyr desse verdiane for deg?
Bane NOR samarbeider med Semac som er ein ekstern leverandør om bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søkjar og inneber at me verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga.
Vil du setja verkelege spor, håpar me du tek kontakt med oss!
Om arbeidsgiveren
Bane NOR har ansvaret for jernbaneinfrastrukturen i Norge. Vi realiserer samfunnets ønske om jernbanevekst og bidrar til et bærekraftig samfunn. Vi er et statsforetak med hovedkontor i Oslo og 5000 ansatte i hele landet. I Bane NOR jobber vi for å forbedre og modernisere jernbanen, så flere kan reise effektivt og trygt med tog. Søk jobb hos oss og bli med på den viktige og historiske satsningen.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Ringheimsveien 2, 5704 Voss
- Bransje: Bygg og anlegg, Drift og vedlikeholdstjenester, Transport og logistikk
- Stillingsfunksjon: Ingeniør, Ledelse, Teknisk personell
Nøkkelord
ledelse, produksjon, bærekraft, jernbane
- FINN-kode 362099319
- Sist endret