Bildegalleri
Tormek T-3 våtslipemaskin (klassikaren)
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt – I god stand
Ein ukvass kniv er farleg! Snitta til kniven blir ujamne. Motstanden i emna du arbeider med gjer at du må ta hardare i. Dermed kan kniven gleppe. Difor bør du ha ei god våtslipemaskin i heimeverkstaden. Med den held du eggen sylskarp på alle typar knivar. Det same gjeld øks, stemjarn og saks. Svenske Tormek har sett standarden for slike maskiner. Dette T-3-eksemplaret er lite brukt, og perfekt for alle slipeoppgåver. Tormeken har ei universalstøtte med finjustering. Det gjer det lett å stille inn fabrikantens mange jiggar med høg presisjon. Maskinen er laga av formstøypt, stabil ABS-plast. Hovudakslingen er i rustfritt stål. Motoren er ein 230 volt 1-fase. To skiver er påmontert: Tormeks unike og effektive slipestein Supergrind (SG) 200 x 40 mm, og ei Super Sharp lærbryneskive 145 x 26 til skjerping av rette blad. SG-200-steinen slipar effektivt stålkvaliteter av alle slag, inkludert High Speed-stål (HSS). Med Tormeks steinjusterar SP-650 (ikkje med her, men lett å få tak i) får du to ulike slipeeigenskaper i ein og same stein. Den gjer at overflata på slipesteinen endrar den normale 220-korninga til ei overflate som svarar til 1000-korning. Med ein Tormek kan du kort og godt gjere ein proff jobb heile vegen frå grovsliping til finish.
Profilinformasjon
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger
InnloggingAnnonsens metadata
Sist endret: 22.7.2024, 19:15 ・ FINN-kode: 362219842