seniorrågjevar/rådgjevar
Vestland fylkeskommune
- Frist 25.08.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du koordinere planprosessar i Bergen og Bergensområdet?
Vi søkjer deg som har god kompetanse innan arealplanlegging, og som ønskjer å vere ein støttespelar og rådgjevar for kommunane innan kommunal plan.
Vestland fylkeskommune er sentral samarbeidspart og pådrivar for ei berekraftig utvikling mellom anna innafor områda plan, klima, arkitektur, næring, samferdsel, kultur og folkehelse med meir. Viktige arbeidsområde for deg vil vere å koordinere fylkeskommunen sine interesser knytt til kommunale planprosessar, spesielt knytt til Bergen og Bergensområdet. Du vil også ha som oppgåve å bidra til god samhandling internt, og mellom fylkeskommunen og kommunane. Arbeidsoppgåvene er varierte og omfattar mellom anna rådgjeving, forvaltning, og utvikling. Du vil ta del i eit kompetent og mangfaldig fagmiljø med ulike treffpunkt både lokalt, regionalt og nasjonalt.
Avdeling for næring, plan og innovasjon, har ca. 100 medarbeidarar. Din arbeidsplass vil vere del av seksjon for plan, klima og analyse.
Arbeidsoppgåver
- Vere støttespelar og rådgjevar for kommunane i kommunal samfunns- og arealplanlegging
- Samordne internt, rettleie og følgje opp kommunale planprosessar
- Delta i regionale plan- og utviklingsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Mastergrad innan arealplanlegging, areal- og eigedom, samfunnsgeografi eller arkitektur. Anna dokumentert relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet men vil påverke kva for stillingsnemning du får
- Erfaring frå arbeid med arealplanlegging på lokalt eller regionalt nivå
- God kunnskap om plan- og bygningslova
Personlege eigenskapar
- Interesse for regional og berekraftig utvikling
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Prosesskompetanse
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
Vi tilbyr
- løn etter avtale
gode forsikrings- og pensjonsvilkår - fleksibel arbeidstid
- stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
- fagleg utvikling
- Du vil få varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver, og fagleg utvikling i eit kompetent og tverrfagleg fagmiljø i moderne og aktivitetsbaserte lokaler. Vi er opptekne av at vi skal trivast på jobb, og ha eit godt og uformelt arbeidsmiljø. Slik gjer vi kvarandre gode og skapar engasjement.
- Kontorstaden er i Vestlandshuset i Bergen
Her kan du bli betre kjent med oss: Jobb og karriere i Vestland fylkeskommune
Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
- Bransje: Offentlig administrasjon, Arkitektur, areal og interiør, Annet
- Stillingsfunksjon: Arkitekt og planlegging, Rådgivning, Koordinering
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Arealplanlegging, Rådgiving, samfunnsgeografi, arkitekt, forvaltning
- FINN-kode 362266952
- Sist endret