Kjøkkensjef
Elva Hotell, Voss Active AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Head Chef - Gourmetrestaurant søker ny kjøkkensjef
Kan du trylle med råvarene? Vil du være med å setje Voss på matkartet?
Me søkjer Kjøkkensjef til vår unike restaurant på Voss. Sjekk www.elva.no for fullstendig stillingsannonse.
«Elva restaurant» ligg rett ved vasskanten, med fantastisk utsikt og unikt design. Me vil være eksklusive og «rocka», me vil overraska og levera matopplevingar av høg kvalitet. I dag serverer vi 3-rettars og 7-rettars fine dining av ypparste kvalitet, men er opne for endringar av konsept. Vi har i høgsesong 5 kokkar på ulike skift, i lågsesong 2-3 kokkar.
Me treng ein dyktig, kreativ, leiken og ambisiøs kjøkkensjef som saman med leiarteamet skal vere med å vidareutvikle «Elva» til ei matoppleving utanom det vanlege. Du vil få mykje friheit til å utvikle konsept og meny. Du er lidenskapeleg oppteken av lokale råvarer, og har eit genuint ynskje om å utvikle gode, nye smakar. Du likar å by på deg sjølv og er ikkje framand for å presentere og servera dine eigne rettar til gjestane i restauranten.
Dine arbeidsoppgåver
· Kreativ meny- og konseptutvikling med fokus på lokale råvarer og sesongvariasjon
· Ansvar for dagleg drift og strategisk utvikling av kjøkkenet
· Bemanning og planlegging av vaktlister
· Ansvar for lagerkontroll, budsjett, innkjøp, og varetelling
· Planlegging av mat knytt til arrangement og aktivitetar
· IK mat/internkontroll
· Kvalitetssikring av produksjon og service
· Fokus på berekraft i alle ledd
Personlege eigenskapar og kvalifikasjonar
· Fagbrev som kokk
· Erfaring med Nordisk/Skandinavisk kjøkken
· Resultat frå tidlegare stillingar
· Du snakkar helst eit skandinavisk språk og har gode engelskkunnskapar
· Du er positiv og sjølvgåande
· Du motiverer og inspirerer dine medarbeidarar
· At du er ein framifrå kokk er det aller viktigaste for oss
Me tilbyr
• Kreativt og nyskapande arbeidsmiljø
• Moglegheit til å sette sitt namn og ELVA på kartet
• Sentral rolle i utviklinga av hotell- og restaurant konsept
• Fagleg utvikling
• Spanande samarbeid med lokale produsentar
• Løn etter avtale
• Fast stilling
Send komplett søknad med CV, søknadsbrev der du skildrar kvifor du er den rette for denne jobben på Voss, referansar og anna info du meiner er interessant for oss. Ufullstendige søknadar blir ikkje vurdert. (Hugs at vi får særs mange søknadar og du må difor forklare kva som gjer at du vil til Voss og ta akkurat denne utfordringa med å utvikle ELVA til ein fantastisk restaurant).
Om arbeidsgiveren
Vårt nye designhotell er blitt ein stor suksess med fantastiske tilbakemeldingar. Voss Active tilbyr ei komplett pakke som bind saman ekstremsport og naturopplevingar med spektakulær overnatting og matkultur. Eit berekraftig designhotell basert på solenergi, grunnvarme og miljøvenleg materiale tek imot gjestar med ynskje om å oppleva noko heilt spesielt.
Voss er plassert midt i matfatet! Me kan sanke frå naturen omkring oss og er omslutta av gode produsentar som me vil ha eit tett og nært samarbeid med. Dette vil vi dele med gjestane våre.
Hotellet er lite, med berre 14 eksklusive rom, og restauranten har begrensa kapasitet. Vi har eit lite team på mellom 2 og 5 kokkar avhengig av sesong. Kjøkkensjef og Soussjef er fast tilsett.
Voss Active er ei av dei største aktivitetsbedriftene i Noreg og har i 30 år arrangert opplevingar for turistar, lag og firma. Me er omlag 50 tilsette som til saman utgjer 20 årsverk. Firmaet er veldrive og ekspanderande. Send komplett søknad med CV, søknadsbrev der du skildrar kvifor du er den rette for denne jobben på Voss, referansar og anna info du meiner er interessant for oss. Ufullstendige søknadar blir ikkje vurdert.
- Sektor: Privat
- Lederkategori: Leder
- Sted: Nedkvitnesvegen 25, 5710 Skulestadmo
- Bransje: Hotell og overnatting, Restaurant, mat og uteliv, Storhusholdning og catering
- Stillingsfunksjon: Kjøkkensjef, Kokk, Mat og servering
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
kjøkkensjef, kokk, restaurantledelse, tradisjonsmat, lidenskaplig
(1/10)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 362274295
- Sist endret