Vikariat bioingeniør/avdelingsingeniør ved Kreftgenomikk
Helse Bergen
- Frist 05.08.2024
- Ansettelsesform Vikariat
Vikariat som bioingeniør/ avdelingsingeniør ved Kreftgenomikk
Kreftgenomikk er ei eining i Laboratorieklinikken med ansvar for avansert molekylær kreftdiagnostikk. Avdelinga er ei av åtte einingar i Laboratorieklinikken som rapporterer direkte til klinikkdirektør. Kreftgenomikk samarbeider med Avdeling for patologi, Avdeling for medisinsk genetikk, Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Regionalt kompetansesenter for arveleg kreft, Seksjon for bioinformatikk og Biobank Haukeland. Dei tilsette har ulik yrkesfagleg bakgrunn med høg fagleg
kompetanse (helsesekretær, bioingeniørar, molekylærbiologar og legar).
Innan kreftfeltet har vi for tida ei nasjonal satsing for å bygge opp infrastruktur for presisjonsdiagnostikk (InPreD). Helse Bergen HF er eit nivå 1-sjukehus og er dermed leiande i utviklingsarbeidet. Kreftgenomikk har ei sentral rolle i innføring av nødvendige laboratorieanalysar for presisjonsmedisin og skal i tillegg til rutinediagnostik og leggje til rette infrastruktur, biobanking og studiespesifikke analysar i kliniske studiar. Arbeidet går føre seg i tett samarbeid med andre einingar i Helse Bergen, og mellom sjukehus regionalt og nasjonalt.
Avdelinga nyttar ulike molekylære analysemetodar på kromosom-, DNA- og RNA-nivå for å undersøke endringar i genomet som er viktige for diagnostikk og behandling. Laboratoriet er akkreditert ihht ISO 15189 standarden.
Kreftgenomikk lyser ut vikariat i 100% stilling som bioingeniør, alternativt avdelingsingeniør. Vikaren vil hovudsakleg jobbe ved eininga Tumorgenomikk, der ein jobbar i diagnostisk rutinedrift med solide svulstar på FFPE vev, fersk materiale og blod/beinmarg. Blodprøvetaking vil og inngå i stillinga og bioingeniør vil derfor bli prioritert, samt ein kan bli involvert i andre oppgåver ved avdelinga.
Arbeidsoppgåver
- Stillinga vil hovudsakleg ha arbeidsoppgåver og ansvar knytta til dagleg analytisk drift. Dette inneber forbehandling av materiale (blod, celleutstyrk, ferskt og FFPE), nukleinsyre ekstraksjon, FISH, qPCR, Sanger-sekvensering, fragment-analyse, neste generasjons sekvensering (NGS) med meir
- Ein må ta medansvar for instrumentdrift, analytisk kvalitetskontroll, prosedyreskriving og vedlikehald
- Det kan bli aktuelt å bidra ved utvikling av nye arbeidsrutinar og analysar samt oppdatering av eksisterande metodar. Det kan og bli aktuelt å bidra til opplæring
- Ein må halde seg fagleg oppdatert innan seksjonen sitt fagspesifikke område
- Stillinga inneber deltaking i laboratoriets rutinar for prøvetaking
Kvalifikasjonar
- Søkar må ha norsk autorisasjon som bioingeniør eller anna molekyærbiologisk utdanning fra høgskule/universitet
- Det er ønskeleg med erfaring frå genetisk arbeid og molekylærbiologiske teknikkar
- Det vil også vere ein fordel å ha kjennskap til seksjonen sine analysemetodar, samt programvare som nyttast ved seksjonen
- Søkar må meistre norsk både skriftleg og munnleg og det er ein fordel med gode kunnskapar i engelsk
Personlege eigenskapar
- Stillinga føreset evne til sjølvstendig arbeid og det blir lagt vekt på personlege eigenskapar, samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Søkar må trivast i eit tverrfagleg og aktivt miljø under oppbygging
- Sjølvstendig, resultatorientert, engasjert og strukturert
- God gjennomføringsevne
Vi tilbyr deg
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Utfordrande arbeidsoppgåver
- Høgt fagleg nivå
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Fleksibel arbeidstid
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Jonas lies vei 21, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Bioingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 362413628
- Sist endret