![Nordic Care AS avd. Nordic Care - Bergen logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/20/5/358/061/345_16a62997-e405-4944-9721-802d593e2664.jpg)
![](https://images.finncdn.no/dynamic/1280w/2024/1/vertical-5/29/5/674/a27/80-/be9/d-1/1ee/-b4/e8-/153/e22/170/df5_717123480.jpg)
Sjukepleiar/vernepleiar
Helse Fonna HF
- Frist 18.08.2024
- Ansettelsesform Vikariat
Bli ein del av vårt team som sjukepleiar eller vernepleiar
Sikkerhetsposten på Valen sjukehus søkjer no etter ein dedikert sykepleiar eller vernepleiar til eit vikariat i 100%.
Hos oss får du sjansen til å arbeide med alvorleg psykisk sjuke pasientar som er innlagde under tvungen psykisk helsevern. Avdelinga har eit samfunnsoppdrag med å gi trygg og effektiv behandling samtidig som vi ivaretek samfunnets behov for sikkerhet.
Sentrale oppgåver på avdelinga er å vurdere og handtere valdsrisiko og samstundes gje god omsorg og behandling. Pasientane våre kan ha både lange og korte opphald, men det er alltid god tid til å bli kjend med kvar enkelt sine ressursar, bakgrunn og behov.
I vår avdeling har kvar pasient eit tverrfagleg team beståande av miljøpersonal, psykiatar, psykolog, aktivitør og sosionom. Saman jobbar vi for å finne den beste balansen mellom pasientens utvikling og tryggleik for alle.
Sikkerhetsposten på Valen sjukehus har ansvar for å behandle pasientar frå Helse Fonna HF sitt opptaksområde. Pasientar som vert innlagt er underlagt tvungen psykisk helsevern etter §3.3/ §3.2 i lov om psykisk helsevern eller dom til behandling etter §5 i lov om psykisk helsevern.
Vil du bidra til å skape meining i tilværet for menneske med vanskelege tankar, åtferd og følelsar og som har utfordringar med mellommenneskelege relasjonar?
Søk i dag og bli ein del av vårt engasjerte team på Sikkerhetsposten ved Valen sjukehus.
Arbeidsoppgåver
Som sjukepleiar eller vernepleiar vil du:
- delta i sjukepleie/miljøterapi til pasientar som treng behandling i sikkerhetspsykiatrisk døgnpost
- delta i miljøbehandlinga i eit team beståande av psykiater, psykolog, sjukepleiar, miljøterapeut, sosionom, helsefagarbeidar.
- arbeide med relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å skape endring.
- få medansvar for å koordinere den miljøterapeutiske behandlinga i posten.
- vere med på å vurdere og lage handteringsplanar i forhold til valdsrisiko.
- utforme kortsiktige- og langsiktige behandlingsplanar.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Ønskeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri.
- Vidareutdanning innan psykisk helsearbeid og rus er ønskeleg.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- er initiativrik, interessert og har respekt for kvar enkelt pasient
- er tilpasningsdyktig og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning
- trivest i eit aktivt og travelt miljø
- er ein god teamarbeider og likar å jobbe tverrfagleg
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- etterspør rettleiing
- er lojal i forhold til avgjerdsler
Vi tilbyr
- Du vil få ei grundig opplæring
- Kurs i MAP - møte med aggresjonsproblematikk
- Opplæring i voldsrisikovurdering
- Studieveke 35,5 timer årleg i 100% stilling når du har jobba eit år på posten
- Arbeidstid turnus med kvar 5. helg
- Fagleg og personleg utvikling
- Vi har eit inkluderande arbeidsmiljø med kompetente medarbeidarar
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som erkvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatteit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette forinkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sjukehusvegen 26, 5451 Valen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Sykepleier, Vernepleier, Valen, miljøterapi
- FINN-kode 362440701
- Sist endret
Lignende annonser
![Nordic Care AS avd. Nordic Care - Bergen logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/20/5/358/061/345_16a62997-e405-4944-9721-802d593e2664.jpg)
![Nordic Care AS avd. Nordic Care - Bergen logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/17/6/361/546/896_148905ee-874c-4a47-9341-59e7d292c22a.jpg)
![Helse Fonna HF logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/15/6/361/308/726_f92eca9d-39a6-4442-b724-8ae3cbf97f7b.jpg)
![Helse Fonna HF logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1604029397/iad_4720398776931645387helse-fonna-logo-word.png)
![Cubus logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/0/cubus_99290.png)
![Uloba - Independent Living Norge SA logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/17/4/357/648/804_65321165-a5d8-4229-b158-61fd51d8c73d.jpg)
![HELSE FONNA HF logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/25/0/358/689/940_928a3347-8d48-42ba-8836-e70db7340664.png)
![Helse Fonna HF logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1604029397/iad_4720398776931645387helse-fonna-logo-word.png)
![Bergen kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1864419277/iad_838681504734239904bergenkomm.png)