LIS-vikariat pediatri
Helse Stavanger HF
- Frist 06.08.2024
- Ansettelsesform Vikariat
Vikariat LIS pediatri
Barne- og ungdomsklinikken i Stavanger søker legar som ønsker seg inn i pediatri! Vi har to ledige LIS-vikariat med oppstart etter sommaren.
Kven er vi?
Vi behandlar born i alle aldersgrupper, 0-18 år. Avdelinga er inndelt i nyføddintensiv, sengepost for born og unge, og poliklinikk. Nyføddintensiv behandlar alle typar perinatale tilstandar og tar imot premature frå 23 vekers gestasjonsalder. For dei talinteresserte: Barnepopulasjonen er på ca 86.000 born, SUS har ca 4500 fødslar/år, BUK har ca 2500 innleggingar/år og poliklinikken har ca 18000 konsultasjonar/år. Vi har 42,5 legestillingar korav 14 LIS, og to av LIS-stillingane er 50% stipendiatstilling.
Vi underviser medisinstudentar og vi har regelmessig hospitantar. Mange av legane jobbar med forsking, hovudsakleg innan lunge/allergi, nyføddmedisin, infeksjonsmedisin og endokrinologi.
Legane er fordelt i faggrupper med fagansvarlege overlegar i alle pediatriske fagfelt. Barne- og ungdomsmedisin er ein brei spesialitet der ein både får brukt sin generelle kompetanse, men også kan fordjupa seg i eit spesifikt fag. Spesialiteten passar både for dei som er interessert i akuttmedisin og prosedyrer og for dei som likar å grubla over kompliserte diagnostiske utgreiingar. I vår avdeling er det flat struktur og lett å spørja om råd. Vi har ein utdanningsansvarleg overlege, eit CL-team med psykologar og eit tverrfagleg barnepalliativt team. Avdelinga har fokus på høg fagleg kvalitet og eit godt arbeidsmiljø.
Kva tilbyr vi?
Avdelinga vår tilbyr fullt utdanningsløp i pediatri. Det er også god moglegheit til å delta i forskingsprosjekt. Hos oss møter du eit stort spenn av ulike tilstandar og diagnosar, og mange engasjerte kolleger å diskutera med, både LIS og overlegar.
I arbeidsplanen får du faste fordjupingsdagar (6 dagar per 12 veker) og fri kvar 12. veke. Friveka kan evt. delast opp og fordelast jamnt utover i turnusen om ein ønsker det. "Standard" arbeidsplan inneber mellom 1 og 2 timar per veke med UTA, som kan reduserast etter ønske.
Vi har eit svært triveleg og trygt arbeidsmiljø både blant LIS og i heile legegruppa. Vår utdanningsansvarlege overlege engasjerer seg stort både i LIS-ane si utdanning og generelle velvære, og alle nye LIS får fadder, veileder og grundig opplæring før ein går sjølvstendig vakt. LIS-ane får regelmessig veiledning både individuelt og i gruppe. Internundervisninga går på rundgang mellom faggruppene og det er god moglegheit å fordjupa seg i det ein synest er spanande!
Stavanger er ein hyggeleg by med alt ein kan ønska seg av uteliv, kultur, god mat og shopping, og der er mange flotte friluftsområde i og like utanfor byen, anten ein likar seg i vatnet, på stranda eller på fjellet.
Praktiske forhold:
Det er ledig 2 vikariat på 1 år som LIS 2/3 med ordinær vaktdeltaking, oppstart snarleg.
Den som får tilbod om tilsetjing må legga fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a.
Ein bed om at det blir oppført om ein følger ny eller gammal utdanningsordning for legar. Dersom ein har teljande teneste frå før, er det ønskeleg at ein oppgjev kor lang tid ein har att til spesialitet.
Ta kontakt med avdelingsoverlege eller avdelingssjef om du har spørsmål!
Attester, vitnemål og eventuell annen relevant dokumentasjon må vedleggast søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Nytilsette legar gjennomgår ein opplæringsperiode både på nyføddintensiv og på store barn, samt opplæringsvakter før ein har sjølvstendig vakt.
- LIS roterer 5 mndr om gangen mellom dei ulike sengepostane og poliklinikk. Ein lærer barselundersøking av nyfødde, mottak av akutt sjuke born og diagnostikk, utgreiing og behandling av mange typar problemstillingar gjennom visittgang på sengepost. Ein får arbeida både sjølvstendig og i team.
- LIS går i primærvakt ved avdelinga. Vaktsjiktet er p.t. 12-delt.
- Dagtidsarbeidet består av visittgang, mottak og poliklinisk vurdering av pasientar, samt barselundersøking av nyfødde.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege.
- Gjennomført LIS1-teneste er nødvendig. Søkarar utan gjennomført LIS1 vil bli vurdert individuelt
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråkleg vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i foretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå.
- Det vil bli krevd politiattest av den som blir tilsett, jfr. Helsepersonelloven §20a.
Personlege eigenskapar
- Du er blid og hyggeleg, og du likar utfordringar!
- Du har interesse for pediatrifaget og for å stadig læra noko nytt.
- Du er fleksibel og løysingsorientert, og du jobbar strukturert og effektivt.
- Du tar initiativ og bidrar til eit godt arbeidsmiljø både fagleg og sosialt.
- Du likar å jobba sjølvstendig, men trivst med å samarbeida med andre.
- Du kommuniserer godt med både kolleger, pasientar og pårørande.
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overenskomst.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Eit svært triveleg og inkluderande arbeidsmiljø.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv(IA)-bedrift.
- Gode velferdstilbod som m.a. bedriftsidrettslag og turgruppe.
Vi oppfordrer alle søkere til å benytte Vitnemålsportalen for å laste opp sine vitnemål ogkarakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrer du at dine dokumenter er verifiserte ogoppdaterte. For mer informasjon om hvordan du bruker Vitnemålsportalen,besøk Vitnemålsportalen.no. Har du tatt utdanning i utlandet
må godkjenning fra UDIR/NOKUT legges ved søknaden. Om du ikke finner alle dinerelevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste de opp som egne vedleggtil søknaden.
Mangfoldserklæring
Foretaksgruppa i Helse Vest ønsker å gjenspegla mangfoldet i befolkninga i vår rekruttering.Vi oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søka ledige stillingar uansettkjønn, alder, funksjonshemming og flerkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Foretaksgruppa HelseVest ønsker å legga til rette for ei inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Stavanger HF, Stavanger universitetssjukehus, har ansvar for spesialisthelsetjenesten i Sør-Rogaland. Med nærmere 8000 ansatte er vi en av regionens største arbeidsgivere. Pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, pasientopplæring og forskning er våre hovedoppgaver. Les mer på www.helse-stavanger.no.
Helse Stavanger HF skal så langt som mulig gjenspeile mangfoldet i befolkningen. Vi ønsker å rekruttere medarbeidere uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjoner, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetjenesten.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Gerd Ragna Bloch Thorsens gate, 4019 Stavanger
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Lege / LIS, Lege / Barnesykdommer, Lege
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Barnelege, Sykehus, Spesialistutdanning
- FINN-kode 363120121
- Sist endret