Sjukepleiar eller vernepleiar med vidareutdanning
Helse Bergen
- Frist 18.08.2024
- Ansettelsesform Fast
Sjukepleiar eller vernepleiar med vidareutdanning
Bli med på ei meiningsfull reise og gjer ein skilnad i livet til barn og ungdom!
Ønsker du å vere ein del av eit team dedikert til å forbetre og berike livet til barn og ungdom som treng hjelp og støtte? Er du opptatt av å støtte og rettleie unge menneske gjennom utfordringane deira? Vil du vere med å utvikle og forbetre det psykiske helsevernet for barn og unge? Då har vi den perfekte moglegheita for deg! Vi på BUP Sentrum tykkjer nemleg at vi har verdas viktigaste jobbar.
BUP Sentrum er ein del av Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU); ein klinikk som tilbyr utgreiing og behandling av barn og unge opp til 18 år, både poliklinisk og ved innlegging i sengepostar. Klinikken har mellom anna sju allmenne poliklinikkar, ein spesialisert poliklinikk, tre sengepostar og ambulante tenester. Nokre tilbod er organisert i tyngdepunkt, som gir tilbod på tvers av poliklinikkane.
BUP Sentrum er ein allmenn barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk som held til på Strandkaien midt i Bergen sentrum. Vi har utsikt til Bryggen og Fløyen, og anløp av hurtigbåtane til Kleppestø, Frekhaug og Knarvik like utanfor døra. Det er kort avstand til buss-samband på Torget og til bybanestoppet i Byparken, og heile tilbodet til Bergen sentrum ligg i gåavstand fra poliklinikken.
I BUP Sentrum sitt opptaksområde som omfattar bydelane Årstad og Bergenhus i Bergen kommune bur det omkring 12 000 barn og ungdom. Poliklinikken har om lag 35 tilsette, med ulik fagleg bakgrunn, og er inndelt i eit småbarnsteam og tre generalist team. Vi er ein av tre poliklinikkar som har klinikkovergripande tyngdepunkts-funksjonar for spiseforstyrringar, og vi har som einaste poliklinikk tyngdepunktsfunksjon for sped- og småbarn.
Kven er du?
Vi ser etter ein engasjert og åpen fagperson som vil vera med oss å forma ein ny stilling der ein arbeider både med somatisk og psykisk helse, saman med born/unge og foreldra deira. Stillinga inngår i eit tverrfagleg fellesskap saman med poliklinikkens øvrige medarbeidarar, for å nå våre felles mål. Vi ser etter deg som er fagleg trygg og samstundes audmjuk og lærevillig. Ved tilsetjing vil det bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
For stillinga er det krav om dokumentert autorisasjon og særs god meistring av norsk skriftleg og munnleg.
Vedkommande som får tilbod om tilsetjing må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a.
Arbeidsoppgåver
- Å ha koordinatoransvar for pasientar
- Bistå våre legar med oppfølging/behandling av pasientar med for eksempel ADHD (kontrollar, delta i
medisinutprøving mm.) - Gi psykoedukasjon til pasientar og føresette
- Samarbeid med og rettleiing til skular, kommunehelsetenesta og andre delar av spesialisthelsetenesta
- Delta på kurs for føresette og lærarar
- Behandling med kunnskapsbaserte metodar/miljøterapi
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar med relevant vidareutdanning
- Det vil bli lagt vekt på erfaring og kompetanse som er i samsvar med poliklinikkens strategi og kompetanseplan
- Erfaring med evidensbaserte behandlingsmetodar og foreldrerettleiing er ein fordel
- Må mestre godt norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Erfaring frå og eit ønske om å jobbe i eit tverrfagleg team
- Evne til å jobbe sjølvstendig, systematisk og samstundes vere open for spontane samtalar
- Erfaring frå å arbeide med born og unge med psykiske vanskar
- Evne til å samarbeide om å nå seksjonens overordna målsettingar
- Opptatt av og bidra til eit positivt arbeidsmiljø
- Gode kommunikasjonseevner både munnleg og skriftleg
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø, og ha god arbeidskapasitet
- Du er fagleg trygg og samstundes audmjuk og lærevillig
- Ved tilsetting blir det lagt stor vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Fagleg og personleg utvikling
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Østre murallmenningen 7, 5012 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier, Sykepleier / Psykiatri, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Sjukepleiar eller vernepleiar med vidareutdanning, sykepleier, sjukepleiar, vernepleier, vernpleiar, Klinikk Psykisk helsevern for barn og unge, PBU Sentrum, allmenn barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk
- FINN-kode 363247193
- Sist endret