Prosjektingeniør bygg
Hydro
- Frist 01.08.2024
- Ansettelsesform Fast
Prosjektingeniør bygg
Hydro Energi er ein av dei tre største kraftprodusentane i Noreg, med 42 vasskraftverk og ein vindpark på Tonstad som saman produsera heile 14 TWh fornybar energi. Av desse ligg 6 kraftverk i Sogn, med over 700 MW installert effekt fordelt på 13 turbinar. I dei komande åra vil det vere eit betydeleg aktivitetsnivå i Sogn, både med utbygging av nye, store vasskraftverk, oppgradering av våre eksisterande kraftstasjonar og større damrehabiliteringar. I tillegg til dette skal ein ivareta daglege oppgåver innan drift og vedlikehald. Me skal difor utvide teamet i Sogn med ein strukturert og framoverlent Prosjektingeniør Bygg.
I Hydro Energi Sogn har me 27 tilsette, hovudsakleg ingeniørar og operatørar, som driftar og utviklar vasskraftverka våre frå lokasjonane i Årdal og Fortun. Arbeidsmiljøet vårt er kjenneteikna av mykje godt humør og arbeid i tverrfaglege team. Hydro Energi oppfordrar alle tilsette til å engasjere seg på tvers av eige fag- og kraftverksområde for å utvide eigen kompetanse og bidra til kontinuerleg forbetring. Dette gjev ei unik moglegheit til å vere med og utvikle både lokal organisasjon og seg sjølv, i ein arbeidskvardag der ein kan veksle mellom arbeid i felt og kontor.
Di rolle som Prosjektingeniør Bygg
Som vår nye prosjektingeniør bygg vert du ein nøkkelressurs i vårt ingeniørteam i avdelinga Teknisk støtte og prosjekter i Sogn. Ei betydeleg del av stillinga vil gå med til å utvikle og gjennomføre nye kraftverksprosjekter.
Dine oppgåver:
- Fagleg ansvar og teknisk leiing i kraftverksprosjekt - både oppgradering, rehabilitering og nybygg
- Prosjektleiing og kontraktsansvar
- Bidragsytar i Hydro Energi sitt komponentnettverk med ingeniørar og ekspertar på tvers av kraftverksområda våra
- Teknisk støtte til driftsorganisasjonen i Sogn og på tvers i Hydro Energi
- Inspeksjonar og tilstandsvurderingar for å sikre driftssikkerheit og levetid
- Aktiv bidragsytar for kontinuerleg forbetring og digitalisering
- Utvikling av tekniske spesifikasjoner og anbudsdokumenter
- Risikoanalyser, sikkerhetsvurderinger, miljøvurderinger og bærekraft
- Samarbeid med eksterne leverandører og entreprenører
Kvifor velge oss: I Hydro veit vi at det er menneska som gjer ein skilnad. Difor legg vi stor vekt på både fagleg og personleg utvikling. På den måten byggar vi eit fellesskap av kompetente og motiverte kollegaer som bidreg til å løyse utfordringane som vi og verda står ovanfor.
Vi søker deg som:
- Er utdanna byggingeinør (master eller bachelor) eller liknande, gjerne med spesialisering i vannkraft. Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
- Har solid erfaring innan vasskraftproduksjon og prosjektleiing.
- Er dyktig i samarbeid med eksterne leverandørar og entreprenørar.
- Utarbeider tekniske spesifikasjonar og anbodsdokument med høg kvalitet.
- Er mobil og fleksibel, i stand til å handtere oppgåver på ulike lokasjonar.
- Jobbar systematisk og strukturert for effektiv prosjektgjennomføring.
- Erfaring med oppfølging av entreprenørar på anleggsplass.
- Beherskar norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg.
- Trivst i ein travel kvardag med både kontor- og feltarbeid.
- Har ein positiv og løysingsorientert innstilling.
Vi tilbyr:
- Ein spanande moglegheit til å være med på utviklinga av Hydro Energi Sogn samt vere ei sentral brikke i utbygging av nye kraftverk, både i Sogn og elles der Hydro Energi har sine lokasjonar
- Moglegheit for å arbeide i Noregs vakraste reguleringsanlegg med Jotunheimen som næraste nabo
- Moglegheit til å påverke det grøne skiftet og samfunnsutviklinga
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Eit tverrfagleg arbeidsmiljø prega av kompetanse, stoltheit og nytenking
- Eit tett samarbeid med Hydro Energi sine andre lokasjonar, og moglegheit for å delta i fagnettverk for kunnskapsdeling
Annan informasjon
Helse, miljø og sikkerheit (HMS) er integrert i Hydros daglege virke. Det er vårt ansvar å beskytte våre tilsette si helse og sikkerheit, og bidra til ei berekraftig utvikling i dei nærmiljøa vi opererar. Vi søker derfor tilsette som vil bidra positivt til dette, gjennom sunne og bevisste HMS-haldningar.
Arbeidsplass vil vere i Øvre Årdal eller Fortun Ein må pårekna at ein i perioder må bidra ved Hydro Energi sine andre lokasjonar.
Vi ber deg venleg om å legge ved alle relevante vitnemål og karakterutskrifter med din søknad. Vi aksepterer kun elektroniske søknader. Søknadsbrev og CV mottas ikkje på e-post.
I vår rekrutteringsprosess brukar vi Semac bakgrunnssjekk.
Søknadsfrist: 1. august 2024
Har du spørsmål om stillinga, ikkje nøl med å kontakta:
Rekrutterande leiar
Kristen Rockland Aarethun
Tlf: 918 62 919
Mail: Kristen.Arethun@Hydro.com
Rekrutterar
Siri Romsbotn
Tlf: 464 33 363
Mail: Siri.Romsbotn@Hydro.com
Om arbeidsgiveren
Vil du være med på å forme en bærekraftig fremtid?
Med sine 30 000 ansatte verden over og sin tilstedeværelse i en rekke markeder for aluminium og metallgjenvinning, energi, batterier og fornybar energi besitter Hydro unik innsikt, kunnskap og kompetanse.
Vi har en stolt historie og ønsker å være ledende i arbeidet med å skape en bærekraftig fremtid ved å utvikle naturressurser til innovative produkter og løsninger. Og det er alle våre dyktige medarbeidere som er vår viktigste suksessfaktor.
- Sektor: Privat
- Sted: 6884 Øvre Årdal
- Bransje: Industri og produksjon, Kraft og energi, Verksindustri
- Stillingsfunksjon: Ingeniør / Bygge- og anleggsteknikk, Ingeniør / Vann- og miljøteknikk, Ingeniør / Vassdrag
Nøkkelord
vasskraft, prosjektingeniør, fornybar energi, byggingeniør
- FINN-kode 363338393
- Sist endret