Fagansvarleg arealplan
Klepp kommune
- Frist 21.08.2024
- Ansettelsesform Fast
Fagansvarleg arealplan
Plan og forvaltning har fagområda byggesak, plan, geodata og landbruk. Me treng ein fagansvarleg for vårt team av fire arealplanleggjarar. Faggruppa behandler private planforslag, utarbeider kommunale reguleringsplanar, og bidreg i kommunens overordna planarbeid.
Me søkjer etter deg som har kompetanse og engasjement for å tilretteleggja for ein god stads- og samfunnsutvikling til beste for innbyggjarar, miljø, klima og næringsliv. Du er ein lagspelar, og har evna til å styra gode planprosesser i tett dialog med administrasjon, politikare og innbyggjarar.
Arbeidsoppgåver
- Du skal sørga for at arealplanlegginga har ein høg fagleg standard
- Du vil leia arbeidet med å vidareutvikla gode og effektive planprosessar
- Du skal bidra til gode medvirkningsprosessar og eit godt samarbeid internt i kommunen
- Du vil vere saksbehandlar for ulike typar reguleringsplanar
Kvalifikasjonar
- Du har relevant høgare utdanning
- Du har relevant erfaring frå privat eller offentleg sektor
- Du har gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg
- Du har gode datakunnskapar
Ved tilsetting vil personlege eigenskapar og interesse for fagområdet bli tillagt stor vekt.
Attester og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjø oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.
Personlege eigenskapar
Me arbeider tett med kvarandre, andre avdelingar i kommunen, myndigheiter, utbyggarar, konsulentar, naboar mm. Det er derifor viktig at du har gode samarbeidsevner, er konstruktiv og serviceinnstilt. Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert.
Vi tilbyr
- Spennande og varierte oppgava med rom for fagleg utvikling.
- Ein sjølvstendig stilling, der du i stor grad kan påverke eigen arbeidskvardag
- Konkurransedyktig lønn. Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø
Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysinga, og dei til ein kvar tid gjeldande lovar, reglar og tariffavtalar. Løn i samsvar med lokal lønnspolitikk
Om arbeidsgiveren
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700 tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Bedriftsvegen 4, 4353 Klepp stasjon
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Arkitekt og planlegging / Arealplanlegger, Ingeniør / Samferdselsteknikk og arealplanlegging
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Fagansvarleg arealplan
- FINN-kode 363444083
- Sist endret