Byggjeleiar
Statens vegvesen
- Frist 25.08.2024
- Ansettelsesform Fast
Byggjeleiar
Byggjeleiar
Om stillinga
Vi ønskjer å styrkje samspelet og koordineringa mellom drift og utbygging, og vi er derfor på jakt etter ein byggeleiar som kan passe inn i gruppa vår. Stillinga er plassert i avdeling Drift og Vedlikehald vest, seksjon drift 1, med kontorplass i Bergen eller på Voss.
Det pågår og er planlagt mange store oppgraderings- og utbyggingsprosjekt i avdeling vest, og det er behov for å ha ein dedikert person som kan vere kontaktpersonen mellom drift og desse prosjekta. I rolla skal du jobbe for eit godt samspel mellom driftsseksjonen og utbyggingsprosjekt. Du skal bidra til eit bra resultat mellom seksjonane og utbyggingsprosjekta i avdelinga både i planleggingsfasen, anleggsfasen, og garanti- og overleveringsfasen.
Du vil arbeide tett saman med byggherre på drift og byggherre i prosjekt, og fungere som eit bindeledd for gode faglege avklaringar slik at rett kvalitet blir oppnådd og at det blir lagt eit godt grunnlag for at drift kan ivareta prosjektet i framtida.
I arbeidsområdet får du eit særskilt ansvar for vurdering og kvalitetssikring av datagrunnlag og dokumentasjon, dataflyt for NVDB/FDV/Vegvokter. Du vil fungere som superbrukar på nokre av etatens støttesystem, som vert brukt for gjennomføring og oppfølging av kontraktar, typisk gjeldande FDV-system, gjeldande Scada-system vegvokteren, M-files, datafangst/NVDB.
Sentrale arbeidsoppgåver:
- Kontakt med utbyggingsprosjekt for å ivareta drift sine interesser i samband med prosjektering av eit driftsvennleg anlegg. Koordinere tilbakemelding frå drift.
- Sikre at drift får tilstrekkeleg og riktig FDV-dokumentasjon, og at prosjektet får informasjon om kva som skal leverast på eit så tidleg tidspunkt som mogleg.
- Sørgje for at overlevering av nye anlegg til drift vert gjennomført i samsvar med krav i kvalitetssystemet.
- Utføre stikkprøvekontroll på leveranse til Nasjonal vegdatabank, og oppfølging av avvik i leveranse frå prosjektet.
- Superbrukar og kontaktperson i seksjonen for dei til ei kvar tid gjeldande FDV-system, og følgje opp at driftsrutinar og nødvendig dokumentasjon er lagt inn av kontraktar og prosjekt.
- Bidra med kunnskap og erfaring til nyanlegg og tunneloppgradering i etaten.
Det må for stillinga påreknast noko reiseverksemd ut frå kontorplass, og noko arbeid ut over normal arbeidstid, avhengig av aktivitet i prosjekta.
Kompetansekrav
Du må ha treårig relevant utdanning frå høgskule. For kandidatar med sterk og allsidig praksis, eventuell etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan utdanningskravet fråvikast. Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Du må ha førarkort klasse B.
Du bør ha erfaring frå drift, anten elektro eller veg, og det vil vere fordelaktig med erfaring frå aktuelle støttesystem (FDV (Plania), SCADA/vegvokter, og NVDB). Vi ønskjer oss ein ny medarbeidar som har kunnskap og erfaring frå drift av veg, og i tillegg er det ønskjeleg med erfaring frå byggeleiing/anleggsleiing. Det er ein fordel om du har erfaring innan elektro og automasjon når det gjeld trafikk, tunnel eller signal.
I oppfølging av arbeida vert Statens vegvesen sine dataverktøy nytta, så du må vere komfortabel med å arbeide med data, og du må kunne beherske office-program og ha gode IT-ferdigheter.
I rolla må ein vere ryddig og real, og ein må ha god fagkunnskap og teknisk innsikt. Evna til å skape gode rammer for dialog og samarbeid vil og vere viktig.
Det vil bli lagt vekt på:
- Kunnskap om lover, forskrifter og regelverk innan fagområdet.
- Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig.
- Evne til å ta initiativ, og å vere resultatorientert.
- Gode munnlege og skriftlege framstillingsevner.
- Gode samarbeidsevner og kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- fleksitid og gode ordningar for å avspasere
- god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
- moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
- gode moglegheiter for fagleg påfyll
Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Krav til søknaden
Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Positiv særbehandling
Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.
Har du spørsmål om stillinga?
Kontakt leiar Ole Endal Svåsand, tlf. 47701924
Om arbeidsgiveren
Verksemda vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjonar.
Noko av det viktigaste vi gjer for samfunnet og miljøet er å ta vare på det vegnettet vi allereie har. I divisjon Drift og vedlikehold har vi ansvaret for heilårsdrift av riksvegane, inkludert ferjer. Vi vedlikeheld og utviklar vegnettet, og planlegg og gjennomfører utbetringsprosjekt. Drift og vedlikehald har rundt 880 medarbeidar over heile landet, og ein årleg omsetnad på om lag 16 milliardar kroner.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ingeniør / Bygge- og anleggsteknikk
- FINN-kode 363545777
- Sist endret