Bildegalleri
Ingvar Aa Klingenberg. Bondeantikviteter. Gyldendal Fakta. 2005. 184 sider.
Beskrivelse av varen
Tilstand: Som ny - Ikke synlig brukt
Ingvar AA Klingenberg. Bondeantikviteter eller er det Bonde antikviteter (på feil norsk)? Gyldendal Fakta. 2005. 184 sider. Meget pen bok i original innbinding med pent vareomslag. Hentes i Oslo eller sendes med helthjem.no eller fiksferdig.
OLAV KOBBELTVEIT sier i Bergens Tidenende for 19 år siden. Bondeantikvitetar er så mange ting, og norsk bondekultur er ein mangslungen affære. Boka «Bondeantikviteter», skriven av Ingvar Aa. Klingenberg, gir oss eit innblikk i det kulturelle mangfaldet på bondebygda. Perioden for norsk bondekunst er ikkje eit presist omgrep, men vi er i tida etter reformasjonen og fram til første delen av 1900-talet. Innanfor dette tidsrommet går det også litt i bølgjer, då folkekunsten hadde sine opp— og nedturar. Ikkje minst innan rosemålinga er det kunstneriske toppunkt. I periodar viste rosemålarane meisterskap og stor originalitet. Seinare fallerte også denne delen av folkekunsten og vart dusinvare. Pynta bruksting. Men før det var det ein rik periode. Særleg målarar frå Hallingdal og Telemark var ettertrakta på 1700- og 1800-talet, og kister etter ein Kittil Rygg eller ein av Luråsane er stadig høgt verdsette. Det var mykje bruksting det handla om, reiskapar bøndene trong i det daglege arbeidet. Førsteutkasta var gjerne enkle og funksjonelle. Men etter kvart - og gjerne i takt med velstandsauken - la handverkarane vekt på å pynta reiskapane med utskjeringar, karving eller rosemåling, slik at dei vart vakre i tillegg til funksjonelle.
Populariteten til bondeantikvitetane har svinga ein smule. Somme tider er det byantikvitetar som er på moten. Og så kjem andre trendar, som til dømes minimalismen, som ikkje tillet slik pynt i heimen eller på hytta. — Minimalismen er død, seier Knut Forsberg, dagleg leiar i Blomqvist Kunsthandel AS i Oslo til Bergens Tidende. - Så no ser det ut til å gå mot betre tider for oss som driv i denne bransjen. Men vi legg ikkje skjul på at bondeantikvitetar har slite ein periode, etter at prisane nesten vart halverte. — Konkurrerer bondeting mot byantikvitetar? — Nei, berre i liten grad. Dei to kategoriane lever sitt liv uavhengig av kvarandre. Somme vil ha bondeantikvitetar, andre vil ha gamle ting frå byborgarskapet. Sånn sett er det verre når trendar som minimalismen slår inn for fullt. Det går ut over begge kategoriar, og prisane går ned. No merkar vi at dette har snudd, og prisane peikar svakt oppover igjen, både for bondeting og byantikvitetar. — Då aukar også tilbodet?— Ja, dei som sit på verdifulle ting, som til dømes fine framskåp, sender dei ikkje på kunstauksjon i dårlege tider. Så lenge prisane er moderate er det stort sett arv og dødsbu som florerer. Men når prisane når dei store høgdene - og det skjer med visse mellomrom - så kjem dei fine tinga for sal, seier Forsberg. Han har like frå i fjor haust sett at minimalismen er på hell. Trendsetjarane har alt lagt denne perioden bak seg. — Men det tek ei stund før folk flest får dette med seg. No er likevel dei fleste i ferd med å oppdaga at minimalismen er historie. Det kan du lett oppdaga ved å opna eit interiørmagasin. No er det friske fargar og masse pynt som dominerer, seier Knut Forsberg.
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 30.11.2024 kl. 08:31 ・ FINN-kode: 363664463