Rådgjevar
Vestland fylkeskommune
- Frist 26.8.2024
- Ansettelsesform Fast
Business Controllar/Verksemdstyring
Vil du arbeide med økonomi som påverkar folks reisekvardag? Skyss jobbar aktivt med å tilby våre reisande kvalitet i reiser med buss, bybane, hurtigbåt og ferje i heile Vestland fylke. Sjølve tenestene vert utført av operatørselskapa som Skyss har avtale med.
Vi har ledig ei fast stilling som rådgjevar i økonomi- og administrasjonsavdelinga i Skyss. Du vil få sju engasjerte og fagleg dyktige kollegaer, som gjerne vil samarbeide med deg.
Avdeling økonomi og administrasjon skal sørge for god og riktig informasjon om økonomiske forhold, slik at organisasjonen kan ta strategiske val og avgjerder i samsvar med visjon, mål og gjeldande planar. Avdelinga har ansvar for budsjettering, rekneskap, analyse av tal, rapportering og mange andre spennande oppgåver innan økonomi og verksemdstyring. Avdelinga deltek også med økonomisk kompetanse i ulike prosjekt og følgjer opp økonomien i alle mobilitetskontraktar Skyss har med operatørane.
Arbeidsoppgåver
Sentrale arbeidsoppgåver vil være:
- Budsjettprosess
- Verksemdsstyring innan utvalde område
- Oppfølging av eit utval av operatørkontraktar
- Oppfølging og analyse av billett- og andre inntekter
- Prosjektarbeid
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg med høgare relevant økonomisk utdanning på masternivå. Kvalifiserte søkjarar utan mastergrad kan også bli vurdert, men då vil stillingstittel bli justert i samsvar med kvalifikasjonar.
I tillegg er det ein fordel om du kan vise til:
- Erfaring med budsjettarbeid frå offentleg forvaltning eller anna kompleks verksemd
- Strategisk og operativ erfaring med verksemdsstyring
- Deltaking i anbodsrekning.
Personlege eigenskapar
Når det gjeld personlege eigenskapar ønskjer vi at du
- har eit brennande ønske om å bidra til god, tidsriktig og miljøvenleg kollektivtrafikk tilgjengeleg for alle,
- tar initiativ, jobbar sjølvstendig og veit korleis ein driv prosessar framover,
- evnar å kommunisere godt med forskjellige mennesketypar frå ulike fagdisiplinar og miljø.
Vi ser for oss at teamarbeid er din føretrekte form for å løyse oppgåver, men at du og evnar å jobbe godt sjølvstendig.
Vi tilbyr
- Ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad
- Eit engasjert arbeidsmiljø med hyggjelege kollegaer
- Moglegheit for å utvikle seg fagleg
- Fleksibel arbeidstidsordning
- Lønn etter avtale
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
- Arbeidsstad i Bergen, Leikanger eller Førde.
Andre opplysningar:
- Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk
- Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25,2.ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjar som har bedt om unntak vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
Om arbeidsgiveren
Om Skyss
Skyss har ansvaret for det offentlege tilbodet med buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke.
Vi er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk i fylket, og skal sikre at vi når dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenester. Skyss sitt mål er å gjere det mogleg for kvar enkelt å reise berekraftig frå der du er til dit du skal.
Skyss skal bidra til å nå klimamåla i Parisavtalen. Vi skal gjennom ein forretningsmessig og digital transformasjon, slik at vi kan sikre samanheng i mobilitetstenester på nye måtar til det beste for innbyggarane i Vestland. For å få dette til, må vi styrke laget med nøkkelpersonar som har interesse for mobilitet og som ønsker å bygge bru mellom dagens løysingar og eit mobilitetstilbod for framtida. Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune, har om lag 100 tilsette og eit budsjett på vel 4 milliardar kroner.
Les meir om Skyss her: Jobb og karriere i Skyss
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
- Flere arbeidssteder: 6863 Leikanger, 6800 Førde
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Økonomi og regnskap, Økonomi og regnskap / Controller
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Controllar, Økonomi, Samferdsel, Kollektivtrafikk, Mobilitet
- FINN-kode 363734616
- Sist endret