![Osterøy kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/8/vertical-0/06/6/361/733/276_05ece179-eb59-4c8f-aec7-9b54d2fcc0fb.png)
Me søkjer sjukepleiar i 100% fast stilling i sjukepleiarteam med langvakter
Osterøy kommune
Osterøy kommune
Har du eit klokt hovud og eit varmt hjarte? Har du og interesse for miljøarbeid? Me ser etter vernepleiarar i døgnturnus!
Bu- og avlastningstenesta gjer tenester til menneske med utviklingshemming og andre funksjonshemningar. Eininga består av 5 bufellesskap, 5 bustader, avlastingstilbod og dagtilbod. Vi gjer teneste til personar i alle aldrar med ulike funksjonsnedsettingar, psykisk utviklingshemming, autismespekter diagnosar og samansette utfordringar. Vår målsetting er å bidra til gode dagar ut i frå den einskilde sine eigne føresetnader, ynskjer og behov.
Vi skal gå over til døgnturnus frå og med 01.01.25 og i den forbindelse søkjer vi etter 2 vernepleiarar i 100% fast stilling i døgnturnus. Vi har også behov for ein miljøterapeut i 100% vikariat i døgnturnus frå og med 01.01.25, til og med 31.08.25. Døgnturnusen består av 2 døgn, 2 døgn og 3 døgn. Med friperiode mellom døgna.
Som vår nye kollega ønskjer vi oss deg som er fagleg sterk, og som ønskjer å bidra til tryggleik, og samstundes skape rom for utvikling og vekst for ein bebuar som er sårbar og har behov for ein trygg og god overgang til vaksenlivet.
I denne bustaden bør vi kunne rekne med deg - og du skal kunne rekne med oss! vi ønskjer oss derfor ein kollega som er pliktoppfyllande, har eit godt tolmod, er roleg og strukturert. Vi ønskjer oss deg som har erfaring frå arbeid med autismespekterforstyrringar, reguleringsvanskar og psykisk helse. Har du i tillegg erfaring med, eller kjennskap til, traumebasert omsorg og er god på å skape tillit og tryggleik? ja då vil vi gjerne bli betre kjend med deg!
Vårt faglege arbeid er mellom anna knytt til daglege omsorgsoppgåver, atferdsutfordringar, autisme, psykiske plager og vedtak etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9. Stillingane er knytt til ein bebuar. Bebuaren har idag 3:1 bemanning og krev tett oppfølging. Du må vere førebudd på å handtere fysiske utageringar, og du vil få god opplæring på arbeidsplassen av ein kollegagruppe som gler seg til å ta deg godt i mot!
I Reigstad bustad arbeidar vi målretta med miljøterapeutisk arbeid, har fagleg oppfølging og utvikling av det miljøterapeutiske arbeidet og me følgjer opp tiltak. Her vil du med andre ord få brukt dine kunnskapar godt!
Vi yter og bistand i daglege gjeremål og tar del i sosiale aktivitetar, i tillegg til at vi utarbeidar og følgjer opp planar og rutinar som skapar ein god struktur i kvardagen. Me følgjer opp vedtak eller Helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.
Som miljøterapeut hos oss vil du og rettleie og følgje opp dine medarbeidarar i tillegg til handtering av legemiddel. Vi samarbeidar og med eksterne samarbeidspartnarar, og me journalførar, rapporterar og dokumenterar i tråd med våre interne rutinar og gjeldande lovverk. Denne stillinga vil og kunne innebere primærkontaktansvar.
Sist men ikkje minst: vi jobbar aktivt med å fremje eit godt arbeidsmiljø. Vi forventar at du vil vere ein aktiv bidragsytar her, og du skal kunne forvente det same frå dine kollegaer. Her ønskjer vi å ha eit godt og trygt arbeidsmiljø som det skal vere godt å vere ein del av.
Som miljøterapeut i Osterøy kommune og i Reigstad bustad vil du få ei fagleg utfordrande stilling som vil utfordre deg, både fagleg og personleg, og du vil kunne skape gode erfaringar frå ein viktig jobb som gjer ein stor skilnad for tenestemottakar. Her har du ein jobb med meining!
Du vil få eit støttande og inkluderande arbeidsmiljø som vi gler oss til å kunne ønskje ein ny kollega velkomen til! Du vil og få fagleg rettleiing og dessutan gode moglegheiter til å påverke! Vi deler av vår kunnskap og vi ønskjer at du og deler av dine slik at vi gjer eit kvalitativt tilbod til bebuar, og samstundes utviklar oss som fagpersonar. Du vil og få eit tverrfagleg samarbeid med andre instansar.
I denne stillinga har du rett på ein av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderar og uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Les meir her: Offentlig tjenestepensjon kort fortalt - KLP.no (https://www.klp.no/pensjon/offentlig-tjenestepensjon-kort-fortalt)
Kjenner du deg igjen i dette og er nysgjerrig på stillinga? Ta gjerne kontakt med oss for ein prat!
vernepleier, sykepleier, avlastning, miljøterapeut, døgnturnus
Osterøy kommune
Osterøy kommune