Sesongmedarbeider
Voss Resort
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Sesongmedarbeidarar vintersesongen 24/25
Vil du jobba i Vestlandes største skisenter?
Voss Resort har ledige sesongbaserte stillingar frå desember til april.
Me søkjer sporty og engasjerte ansatte som likar å vera ute i ver og vind. Du vil vere ansiktet vårt utad så det er viktig at du trives med folk og ynskjer å skape gode opplevingar saman med gjestane våre. Du må kunne by på deg sjølv, vera løsningsorientert, sjølvstendig og ha glimt i auga.
Til vintersesongen 2024/2025 søkjer me personale til fylgjande stillingar:
- Heisførar, heiltid/deltid/ tilkalling (over 18 år og norsktalande)
- Gondolførar, heiltid/deltid/tilkalling (over 18 år og norsktalande)
- Skipatrulje, heiltid/deltid (relevant erfaring eller helsefagleg bakgrunn)
- Gjesteservice, deltid (resepsjon/ billettsal)
- Parkeringsvakter og ekstrahjelp helg, deltid/tilkalling (mellom 15-18 år og likar varierte arbeidsoppgåver)
- Reinhaldspersonal, heiltid
- Kafeansvarlig Storastova, heiltid sesong ( teamleder for hele staben)
- Servitør/ Kafemedarbeider, heiltid/deltid Storastova
- Skiinstruktør, deltid
Me tilbyr ein sosial arbeidsstad i ein spanande og hektisk bransje, med hyggelege uteglade kollegaer med mykje godt humør. Stillingane er heiltid eller deltid innanfor vintersesongen, med turnusarbeid på kveld, helger og feriar. Dei fleste deltidstillingane er arbeid i helger og feriar, som kan kombinerast med studier.
Obs, hugs å presiser kva stilling du søker på i søknaden din.
Om arbeidsgiveren
Voss Resort er ei spanande merkevare med høg aktivitet. Gjester kjem til oss fordi dei her får opplevingar dei ikkje får andre stader. Som ein naturleg stoppestad på jernbanen Bergen – Oslo, gjer me det i tillegg lett for tilreisande å koma seg til fjells på miljøvenleg vis.
Voss Resort er ein sentral aktør i bygda, og er ein av motorane for den positive utviklinga på Voss. Det er mange spanande prosjekt under planlegging, og det er venta betydeleg utvikling i den operative aktiviteten dei komande åra. Vår visjon er å gje gjestene opplevingar som vert hugsa og snakka om. Me som jobbar her er ekte, ærlege, kreative, litt (små)gale vossingar* med glimt i auga. (*alle som er ekte, ærlege, kreative og litt gale kan kallast vossingar).
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 20
- Sted: Evangervegen 5, 5700 Voss
- Bransje: Reise og turisme, Restaurant, mat og uteliv
- Stillingsfunksjon: Kundeservice, Renhold
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Heisfører, Skianlegg, Skipatrulje, gondol, Servitør
(1/10)
- FINN-kode 364425892
- Sist endret