Fast stilling som miljøterapeut Lindevika buteneste
Austevoll kommune
- Frist 31.08.2024
- Ansettelsesform Fast
Vi søkjer ein dyktig og fagleg engasjert
Fast stilling som miljøterapeut Lindevika buteneste
Om arbeidsstaden
Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV og psykisk helse/rus/kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg leggje til rette med tenester tilpassa den einskilde sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.
Miljøarbeidartenesta yt praktisk bistand, opplæring og heimesjukepleie til personar med nedsettfunksjonsevne. Delar av tenesta er knytt til bufellesskap med heildøgnsbemanning medan ei stor del av tenstaer knytt til heimeteneste ulike stader i kommunen.
Om stillinga
Miljøarbeidartenesta har ledig 100 % stilling for deg med relevant høgskuleutdanning.
Stillinga er for tida knytta til Lindevika buteneste.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
- Planlegge og gjennomføre miljøterapeutiske tiltak og aktiviteter tilpassa den einskilde sitt behov
- Målretta miljøarbeid og burettleiing
- Medisinadministrasjon dersom du har helsefagleg kompetanse
- Sørga for at tenestemottakarane får tenester med forsvarleg innhald etter vedtak
- Ansvar for å utarbeide og halde vedlike tiltaksplaner og dokumentasjon i fagsystemet.
- Koordinere tenester ovanfor tenestemottakarar og bidra til godt samarbeid medtenestemottakarar,pårørende, spesialisthelsetjenesten og andre aktuelle instanser.
Rettleiingsoppgåver mot pårørande, kollegaer, studentar, elevar og lærlinga
Kvalifikasjonskrav
Formelle kvalifikasjonskrav
- Helse - og sosialfagleg bachelorutdanning. Andre med relevant helsefagleg utdanning, pedagogisk, sosialfagleg utdanning eller under vernepleierutdanning kan bli vurdert
- Førarkort klasse B
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk
- Gyldig politiattest
- Erfaring med arbeid med menneske med nedsett funksjonsevne er ønskeleg
Personlege eigenskapar
Søkjar må vere personleg eigna. Vi søkjer ein engasjert medarbeider som vil vere med å videreutvikle tenestene våre og medverke til eit ope og positivt arbeidsmiljø, ha stå på vilje og godt humør. Vidare søkjer vi deg som:
- har god skriftleg og munnleg formidlingsevne
- har gode datakunnskaper, kjennskap til Visma profil pasientjournal er ønskeleg
- er fleksibel, målretta, sjølvstendig og evner til å kommunisere godt i møte med tenestemottakarar, pårørande og samarbeidspartnarar
- har gode evner til samarbeid med andre
- er positiv og inkluderande
- er ein person som ønsker å dele sin kunnskap med andre
Vi tilbyr
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjonsordningar i Storebrand, og forsikringsordningar i Gjensidige
- Vi tilbyr årsturnus der ein i stor grad kan påvirke korleis ein vil legge opp turnusen sin. Vi tilbyr arbeid kvar fjerde helg med langvakter eller arbeid kvar tredje helg med korte vakter
- Miljøterapeut har avsatt fagadministrativ tid i turnus
Slik søkjer du
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
Om arbeidsgiveren
Kommunen har eit folketal på 5.300 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 400 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune!
Miljøarbeidartenesta yt praktisk bistand, opplæring og heimesjukepleie til personar med nedsett funksjonsevne. Delar av tenesta er knytt til samlokaliserte bustader med heildøgnsbemanning medan ei stor del av tenesta er knytt til heimeteneste ulike stader i kommunen. Austevoll kommune har ny eining under oppbygging i Bekkjarvik som vil fungere som avlastningsbustad med tre omsorgsbustader i tilknytning.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
- FINN-kode 364739183
- Sist endret