Miljørettleiar ved Borgafjellet barneskule
Bjørnafjorden kommune Borgafjellet barneskule
- Frist 21.08.2024
- Ansettelsesform Vikariat
Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Vi har ledig 89% vikariat med oppstart snarast/etter avtale med leiar.
Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeider målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.
Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020). Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.
Arbeidsstad
Borgafjellet barneskule ligg på Hjelle, ved inngangen til Hegglandsdalen. Skuleåret 2024/2025 har vi 265 elevar og om lag 35 tilsette. Skulen er ein to parallell skule.
Tryggleik og trivsel er føresetnader for læring. Vi møter derfor kvart barn med respekt og omsorg og er gode rollemodellar for dei. Vi er rause med ros og oppmuntring. Saman med foreldra lagar vi gode rammer rundt barna.
Arbeidsoppgåver
Pedagogisk arbeid i team rundt elevar med spesielle behov.
Arbeid med elevar i grupper og ein til ein.
Arbeid både på skule og SFO.
Kvalifikasjonar
Utdanning frå høgskule eller universitet som kvalifiserer til stilling som miljørettleiar, kan vere vernepleiar, barnevernspedagog eller anna sosialfagleg utdanning.
Anna relevant utdanning kan bli vurdert. Utanlandsk utdanning må vere NOKUT-godkjent.
Det er ein fordel om søker har kompetanse og/eller erfaring knytt til åtferdsvanskar, samansette lærevanskar og erfaring frå arbeid med barn med ulike utfordringar.
Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.
Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.
Eigenskapar
Vi ønsker oss ein raus kollega med god relasjonskompetanse, tydlege og positive haldningar og godt humør.
Som vår nye kollega må du kunne bidra til eit godt læringsmiljø og eit helsefremmande arbeidsmiljø. Du må kunne legge til rette for eit godt samarbeid med føresette.
Vi ser etter deg som:
- ønskjer å bidra til utvikling og nytenking, med barna sine behov i sentrum
- som er aktiv i leik med born ute og inne
- kan samarbeide og bidra i tverrfaglege samanhengar
- arbeidar systematisk, strukturert og målretta
- er reflektert, endringsvillig, fleksibel og kreativ
Søkarane vil bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og kva skulen treng.
Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
Bjørnafjorden kommune med ca. 25 000 innbyggarar vil vere i sterk vekst i åra framover. 31.10.2022 opna ny E-39 til Bergen med halvering av reisetid. Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Hegglandsdalsvegen 99, 5200 Os
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Omsorg og sosialt arbeid
Nøkkelord
miljørettleiar, barneskule
- FINN-kode 364777912
- Sist endret